Mange veit ikkje at Hornindal huser ein sjeldan kunstskatt. I eit galleri midt i bygda er skulpturane til Anders Svor samla. Mange blir overraska når dei oppdagar omfanget og kvaliteten på verka hans.

Bilethoggaren Anders Svor frå Hornindal fekk sitt kunstnarlege gjennombrot i 1891 då han vann gullmedalje for skulpturen David på ei internasjonale kunstutstillinga i Berlin. Han har mellom anna modellert løva over portalen til kongeinngangen ved Nationaltheatret i Oslo, og den store statuen av kvalfangaren Svend Foyn i Tønsberg.

Gustav Vigeland er eit kjent namn for dei fleste. Dei monumentale skulpturane i Frognerparken er ein av Norges mest besøkte attraksjonar. Anders Svor derimot er for mange eit ukjent namn, sjølv om han også blir rekna mellom dei fremste norske bilethoggarane. Gustav Vigeland skal ha omtalt Svor som ein av dei beste til å lage portrettstatuar.

Anders Svor Museum vart opna på Grodås i Hornindal i 1953, og samlinga er på om lag 560 arbeid, inkludert skisser og utkast. I samband med at Hornindal vart del av Volda kommune, fekk Viti (tidlegare Sunnmøre Museum) overført ansvaret for Anders Svor-museet frå Sogn og Fjordane. I eit intervju med avisa Fjordingen seier adm.dir. i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, at driftsmidlar til Anders Svor-museet ikkje har kome på plass på grunn av ein glipp i regionreforma. Midlane som skulle drifte Svor-museet, har hamna i Vestland. Mangelen på statlege driftsmidlar fører til at dette unike museet kan stå i fare for å bli lagt ned. Det vil vere fullstendig meiningslaust. Dette galleriet er ein nasjonal, og ikkje berre regional, kulturskatt.

Politikarar frå Senterpartiet var nyleg på omvising i Svor-museet, for å få innføring i den situasjonen som museet har hamna i. Geir Inge Lien lovde å ta saka vidare til kulturdepartementet, saman med Volda kommune. Vi meiner det hastar med å finne ei løysing, slik at dette museet kan bli sikra vidare drift.

Det er positivt at Viti ønskjer å utvikle Svor-museet både for innbyggarane og som ein turistdestinasjon. Dette kan bli veldig bra. I si samtid levde Anders Svor i skuggen av Gustav Vigeland. No er det på tide å få han fram i lyset.

I si samtid levde Anders Svor i skuggen av Gustav Vigeland. No er det på tide å få han fram i lyset