Håpet om å finne fleire overlevande i ruinane etter det katastrofale jordskjelvet i Tyrkia og Syria renn ut. Talet på omkomne gjer alt dette jordskjelvet til eitt av dei dødelegaste i verda på fleire tiår.

Og talet på dødsoffer kjem til å stige endå meir dei komande dagane og vekene.

Behovet for å få inn hjelp til desse områda er stort. Ingen politiske omsyn må få lov til å stå i vegen for dette. No må alt handle om å berge liv og hjelpe menneske i den djupaste naud.

Torsdag morgon var over 16.000 stadfesta omkomne, nær 13.000 i Tyrkia og over 3.000 i Syria. Talet er venta å stige etter kvart som fleire omkomne blir lokaliserte i ruinane.

Millionar er berørt av katastrofen. Fleire storbyar er råka. Området er frå før fattig. På tyrkisk side er det svært mange syriske flyktningar. På syrisk side av grensa er store delar herja av borgarkrig og kontrollert av opprørarar.

Hjelpearbeidet der er særleg krevjande.

Redningsmannskap kjempar framleis i ruinane. Tida som har gått talar imot at dei finn fleire i live, sjølv om det enno kan vere håp om mirakelredningar. No startar ein ny kamp.

Mange av dei som har overlevd, manglar tak over hovudet, reint vatn, helsetenester og mat. Det hastar med å få inn helse- og naudhjelp i områda. Fleire titusen er skadde.

Heile bustadkvartal er lagt i ruinar. Tyrkiske styresmakter reknar at minst 6.400 hus er kollapsa. Temperaturane har vore langt under frysepunktet. Kjem ikkje hjelpa raskt nok fram, vil dette bli ei endå større humanitær krise.

Midt i tragedien foregår det også eit politisk spel med president Recep Tayyip Erdogan i ei hovudrolle - både heime og internasjonalt. I mai stiller han til val i eit land i djup økonomisk krise, eit val han kan tape.

Som leiar for Nato-landet Tyrkia spelar han eit høgt spel. Han har inntatt ein omstridd posisjon i høve til Russland, og blokkerer for Sverige og Finland sitt medlemskap i forsvarsalliansen.

Mange kommentatorar ser no på jordskjelvkatastrofen som ein mogeleg «game-changer».

Erdogan sine sjansar til valsiger kan bli påverka av det nasjonale traumet landet står i. Internasjonal hjelp – blant anna frå EU under Sverige sitt formannskap, kan også bygge bru over konflikten mellom landa.

Om det skjer, så er det bra.

Slik naudhjelp må likevel aldri bli eit politisk verktøy. Menneske i djup naud skal vi hjelpe, uavhengig av religion, kvar i verda dei bur eller kva politisk styresett dei lever under.

No er behovet for akutt hjelp til dei jordskjelvramma i Tyrkia og Syria akutt.

Dei treng vår hjelp.