Allereie no har fleire byrja å slakte delar av buskapen sin på grunn av fôrmangel, og mange vil bli påført betydelege økonomiske tap. Landbruksminister Jon Georg Dale seier til Sunnmørsposten at grovfôrsituasjonen er i ferd med å verte ekstremt krevjande.

Verst er det på Aust- og Sørlandet, men også på Vestlandet og i Trøndelag vil bønder få problem. I Møre og Romsdal varierer tørkeproblema litt etter jordtype, men ein reknar at grasavlingane kan vere på om lag 70 prosent av normalen.

Landbruksministeren har innført fire hastetiltak som kan avhjelpe situasjonen noko. Bønder som vel å slå kornet som grovfôr, er sikra same tilskot som om dei treska det. I tillegg er det innført nulltoll på import av høy og halm, og erstatningsoppgjer for avlingsskade er forenkla og skal framskundast.

Innovasjon Norge har dessutan bede bønder som er råka av avlingsskade om å ta kontakt for å få utsett avdrag på lån. Næringa sjølv, både bønder og landbrukssamvirket, har også gjort tiltak for å bøte på situasjonen.

Kornbønder blir bedne om å ta vare på halmen, og det er gjennomført krisemøte i dei delar av landet som er hardast ramma. I Møre og Romsdal har Norges Bondelag oppmoda sine medlemmar om å gjere sitt – ein ekstra slått, gjødsle ekstra eller å hauste areal som normalt ikkje vert hausta.

Bønder er vane med skiftande avlingar, og har alltid synt stor evne til å tilpasse produksjon etter dette og leve med svingingar i økonomien. Så seint som i fjor var det store nedbørsmengder som førte til store avlingstap.

Enkelte år er likevel verre enn andre. Då er det godt å sjå korleis næringa sjølv tar initiativ for å avhjelpe krisa. Ikkje minst er det flott å sjå at bønder som har sleppt unna det verste, stiller opp for tørkeramma kollegaer. Regjeringa skal også ha ros for å ha reagert raskt. Vi forventar også at den står klar med nye tiltak om situasjonen skulle forverre seg.