På havkonferansen i Bergen i mai varsla regjeringa ambisjonen om å utvikle ei sterk norsk havklynge. Den verdsleiande maritime klynga og andre havrelaterte klynger i vårt område vil vere ein naturleg del av ei slik sterk havklynge.

På denne delen av kysten har vi ein tusenårig tradisjon i å bruke havet både til transport og til matauk. Petroleumsindustrien og havbruks- og fiskerinæringa er kanskje våre to viktigaste næringar når det gjeld å skaffe landet inntekter, og det burde vere mogleg at dei i større grad nyttiggjer kvarandre sine teknologiar.

Fiskerinæringa kan bidra med kunnskap om betre oljevernberedskap, og oljenæringa har mykje å bidra med når det gjeld å utvikle oppdrettsmerdar til havs.

OECD har laga ei analyse som konkluderer med at det vil vere mogeleg å doble havøkonomien fram mot 2030. Mykje av veksten trur ein vil kome i næringar det Norge alt ligg i tetskiktet i verda. Leiaren i Ap, Jonas Gahr Støre, har i ein kronikk spådd at veksten i dei havbaserte næringane dei neste 15 åra kan bli større enn veksten i den globale økonomien samla. Då handlar det både om verdiskaping og om sysselsetting. Han trur det blir ein sterk vekst innan oppdrett, havvind, fiskeforedling og skipsbygging.

Dette er alt saman verksemder som Norge har vore verdsleiande i, og med den erfaringa vi har, og med leiande norske forskings- og utviklingsmiljø, burde vi framleis vere i tet. Støre har rett i at dette ikkje handlar om «tida etter oljen», men om ein fornybar etappe i energialderen, der nye produkt og ny produksjon står på skuldrene av eksisterande offshore- og andre havnæringar.

Vi har dei beste føresetnader for å utvikle ny maritim infrastruktur, bl.a. gjennom ein grønare skipsteknologi, nye og meir miljøvennlege skipstypar som både kan vere automatiserte og førarlause. Vindmøller til havs og bølgjekraftverk kan bli viktige energiberarar, men når det er vindstille og bølgjene også stilnar av, så er det behov for eit alternativ, og der vil norsk gass kunne bli ein viktig ressurs. Både dei fornybare energikjeldene og olje- og gassnæringa vil derfor i fleire tiår til, utnytte kvarandre sine fordelar.

Kunnskap blir kanskje vår viktigaste ressurs i framtida, men også røynsle er ein viktig del av kunnskapen. Det å kunne bygge på den kunnskapen generasjonane før oss har tileigna seg. Men mykje av kunnskapen må fornyast i møte med ei teknologisk utvikling som går med stormskritt.

Havområda våre er seks gongar større enn landarealet. Mykje av dette området er lite utforska, og ein stor del av det globale havrommet ligg under 2.000 meters djup, og ingen veit kva som finst av ressursar der. Der er mykje å ta fatt på.

Også det faktum at verdshava blir meir og meir forsøpla og forgifta.

Her må det ein internasjonal innsats til, og det må eit strengare internasjonalt lovverk til for å hindre forsøplinga.