Nordmørsrepresentantane, Else May Botten, Ap, Jenny Klinge, Sp og Pål Farstad, V, er valde til å representere heile Møre og Romsdal, og eit fleirtal av stemmene sine har dei nok fått frå områda sør for Romsdalsfjorden som utgjer nærare 60 prosent av veljarmassen. Det er blitt kritisert på nominasjonsmøta at det blir teke fogderimessige omsyn ved listeplasseringa, og det har vore ein slags regel om at dei tre fogderia skal ha kvar sin av dei tre første plassane. Demokratisk er det heilt feil i høve til folketalet, og også i fylkestinget var Sunnmøre grovt underrepresentert inntil sunnmørslistene kom. No er det Nordmørslista som sikrar Nordmøre større representasjon enn det fogderiet etter folketalet har krav på.

Saka om plassering av politimeisteren fortel oss at kva fogderi representantane kjem frå framleis er viktig, og det bør nominasjonsmøta legge seg på minne framfor stortingsvalet i 2017. Opplegget frå Politidirektoratet var at lokaliseringa av administrasjonsstad i Møre og Romsdal politidistrikt skulle fattast på politifagleg grunnlag, ikkje med grunnlag i fogderipolitikk.

Politifagleg er det viktig at både politimeisteren og operasjonssentralen ligg nærast mogeleg der fleirtalet av innbyggarane bor. Der er gjerne den største kriminalitetsutfordringa, der er også behovet for polititenester størst. På Indre Sunnmøre har ein også den desidert største ulykkesrisikoen i fylket i form av fjellskred både frå Åkerneset og frå Heggurdaksla som er eit trugsmål mot 10.000 menneske i verste fall. Deira tryggleik er no sikra gjennom kontinuerleg overvaking, men mykje kan skje som set tusenvis av menneskeliv i fare. Politiets operasjonssentral vil ha ei heilt sentral rolle i kriseberedskapen, og bør ligge nærast mogeleg. Det at Kystverket har hovudkvarteret sitt i Ålesund bør også telje med i ei politifagleg vurdering.

Politidirektoratet legg opp til samlokalisering av alle naudetatane, politi, brann og helse. I dag er både 110-sentralen for heile Møre og Romsdal og AMK-sentralen knytt til helsetenesta, lokalisert i Ålesund. Å tenkje seg ein AMK-sentral i Kristiansund utan sjukehus, er lite realistisk. Det har vore ein kamp å hindre at mykje av dette skulle hamne i Trondheim. Også politifagleg for Møre og Romsdal, og ikkje minst for innbyggarane, vil det bli eit stort nederlag som vi må bruke all vår makt til å hindre.

Lokalisering av statlege arbeidsplassar er knappast ein del av det politifaglege grunnlaget. Det faktum at heile Møre og Romsdal er sveltefôra på statlege arbeidsplassar er først og fremst eit politisk ansvar, og skilnaden mellom Nordmøre og Sunnmøre er for ein bagatell å rekne når ein brukar folketalet som målestokk.

Politifagleg bør det vere nærleiken til innbyggarane som er viktig. Det er først og fremst innbyggarane og deira tryggleik som er politiet si hovudoppgåve. Sokkelberedskapen vil framleis kunne ligge i Kristiansund med same bemanning som i dag. 83.000 innbyggarar kan nå Ålesund på under ein time. For Kristiansund under det halve. Der er kanskje det viktigaste politifaglege grunnlaget for at det er naturleg å velje Ålesund. Er fogderipolitikk viktigare enn det grunnlaget som ligg i kvar folket bor?