Å verne Norge har aldri vore meir krevjande. Norske verksemder må ta situasjonen på alvor, sa direktør Sofie Nystrøm i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) då ho presenterte rapporten Risiko 2022 før helga. Den spente situasjonen i Europa, på grunn av konflikten mellom Russland og Ukraina, gjer oppmodinga hennar ekstra aktuell.

Frå 2019 til 2021 har NSM sett ei tredobling i talet på alvorlege hendingar og cyberoperasjonar. Det mest alvorlege var åtaket på Stortinget i mars i fjor. I tillegg er det registrert ein kraftig auke i digital utpressing og sabotasje, med såkalla løysepengevirus. System er blitt lamma og viktige tenester er stoppa opp. Skipsverftet Vard, matvareprodusenten Nortura, mediekonsernet Amedia og Nordland fylkeskommune er mellom dei som er blitt ramma, men det kunne ha vore kven som helst.

I rapporten blir det slått fast at gapet mellom trusselsituasjon og tryggingsnivå i norske verksemder, både private og offentlege, er altfor stor. Toppleiarar blir oppmoda om å prioritere tryggingsarbeid på alle nivå dette året

Russland og Kina er peika ut som dei største trusselaktørane. Norge ligg langt framme når det gjeld teknologiutvikling, og norske bedrifter er attraktive oppkjøpskandidatar for stormakter som vil styrke sin militære kapasitet.

Det planlagde salet av motorfabrikken Bergen Engines (BE) til eit russisk selskap vart stansa i siste liten i fjor, ikkje minst takka vere god journalistikk i Bergens Tidende og E24. BE produserer motorar mellom anna til norske og amerikanske militærfartøy, og teknologien ville ha styrka Russlands militære evne og strategiske kunnskap.

Kinesiske styresmakter har ifølge etterretningslov høve til å pålegge kinesiske verksemder og enkeltpersonar å utlevere informasjon til kinesisk etterretning. NSM meiner derfor det er ein reell risiko for at kinesisk produsert teknologi kan nyttast som plattform for å hente inn ulovleg etterretning til fordel for Kina. Det bør folk vere klar over.

Den opne trusselvurderinga har eit viktig formål. Nettopp det at folk får informasjon og blir klar over risikoen, er med på å auke den nasjonale motstandskrafta vår. Det handlar både om å styrke sikkerheita i alle IKT-system, motverke spreiing av desinformasjon og bidra til at vi har ein open, offentleg samtale, der vi diskuterer saker og ikkje går til åtak på personar. Totalitære statar prøver å øydelegge demokrati frå innsida, mellom anna ved å polarisere debattar via sosiale medium, og sette folk opp mot kvarandre. Trugsmål mot politikarar skal vi vere på vakt mot. Kritikk skal dei tole, men aldri sjikane og truslar. Dersom belastninga med å vere folkevald blir for stor, er det heile demokratiet som står i fare.