Kvart år opplever rundt 20.000 barn at foreldra går frå kvarandre. Ein ny rapport viser at barn og foreldre kan oppleve samlivsbrotet svært ulikt. Sidan barn kan ha vanskeleg for å bli høyrt, har vi som samfunn eit spesielt ansvar for å løfte fram barnas perspektiv.

Det er organisasjonen Vaksne for Barn som har utarbeida rapporten. Den slår fast at det går dårlegare for mange barn etter eit samlivsbrot, enn det mange foreldre trur. Medan foreldre kan meine at barna er godt førebudde, kan barna oppleve det som eit sjokk at foreldra går frå kvarandre.

Ein annan viktig observasjon handlar om barns psykiske helse. Mange foreldre trur at barna ikkje blir negativt påverka, men over ein tredjedel av barna i undersøkinga fortalde at dei opplevde forverra psykisk helse etter brotet. Dette inkluderer vanskar med sinne, frustrasjon, tristheit og angst.

Barn kan slite med problema i mange år etter skilsmissa. Studium har dessutan vist ein sterk samanheng mellom foreldra sitt samlivsbrot og barnas manglande fullføring av vidaregåande skule.

– Vi snakkar mykje om ungdom og psykisk helse, men lite om kva rolle skilsmisse har i dette, seier Signe Horn, generalsekretær i organisasjonen Vaksne for Barn, som står bak rapporten.

Ho er samtidig tydeleg på at funna ikkje må tolkast som ein moralsk peikefinger mot foreldre som går frå kvarandre. Skilsmisse kan vere ei nødvendig løysing på ein uhaldbar livssituasjon. Poenget er ikkje å moralisere, men å finne ut korleis barn kan få det best mogleg i prosessen.

Nettopp fordi skilsmisse er blitt så vanleg, er det lett å undervurdere konsekvensane for barna og behovet for støtte. Ein tredel av barna sakna tilgang til psykologisk støtte eller rådgiving. Sidan barna er på skulen det meste av dagen, er det viktig at skulen får informasjon om samlivsbrot, slik at dei kan knytte på skulehelsetenesta. Foreldre som slit og som ønsker å halde saman, bør få hjelp via samlivskurs, familievernkontor eller andre tilbod.

«Hvor skal vi gjøre av meg» er tittelen på ei bok av Simon Flem Devold, der barn fortel korleis dei opplever det når mor og far går frå kvarandre. Boka kom ut i 1991, og skapte debatt fordi det var så sterkt og opprivande å lese om skilsmisse frå barnas synsvinkel. Boka er dessverre minst like aktuell i dag.

Dette er eit vanskeleg tema, fordi det kan oppstå kollisjonar mellom vaksne sin rett til individuell fridom, og barns behov for stabilitet. For å unngå at nokon blir såra, eller får skuldkjensle, er det lettast å la vere å snakke om det. Men det tener ingen. Det er viktig at både foreldre og barn kan dele sine opplevingar, utan frykt for fordømming. Openheit er avgjerande for å finne gode løysingar.

Nettopp fordi skilsmisse er blitt så vanleg, er det lett å undervurdere konsekvensane for barna