Krisene har stått i kø for større norske nybyggingsverft. Finanskrise, offshorekrise, koronakrise og omstilling til nye marknader har tæra på eigenkapitalen.

No kan dei bli fanga i ein vond spiral.

Svekka eigenkapital og strengare bankar har heva terskelen for å finansiere nybygg. Ordrebøkene tørkar inn. Utan styrka garantiordningar kan krisa bite seg fast.

Hittil i år er det kontrahert båtar ved norske verft for to milliardar. Det er skrive kontraktar for berre to større nybygg – ein frysetrålar og eit havvindfartøy, begge ved Vard Brattvaag.

Held dette fram, kan 2022 verte eit historisk svakt år.

Ordreinngangen er altfor liten til å erstatte oppdrag som blir ferdigstilt. Og dette kjem etter eit dårleg 2021 med ein ordreinngang på berre rundt åtte milliardar. Det hastar med påfyll.

Fram til offshorekrisa i kjølvatnet av oljesmellen i 2014 surfa dei store verfta på ein byggjeboom. Fram til då hadde meir enn 80 prosent av omsetnaden vore knytt til bygging av offshorefartøy.

Då botnen fall ut av denne marknaden, vart cruise og havbruk redninga for fleire.

Men omstilling kostar. I botnen av rekneskapane lyste det raudt. Mangel på erfaring og stor grad av skreddarsaum på cruiseskip gjorde at fleire av verfta tapte store pengar.

Næringa ringte med alarmklokkene etter store finansielle tap og negative driftsmarginar over fleire år. Akkurat då slo koronapandemien til.

Dette gav ein trippel smell.

Botnen fall brått ut av marknaden for cruise. Det vart vanskelegare og dyrare å hente inn utanlandsk arbeidskraft. Ropet om krisehjelp drukna heilt i koronakrisa.

Reiserestriksjonar strypte tilgangen og auka kostnadane for utanlandsk arbeidskraft.

I dag slit verfta med å stille garantiar for reiarane sine forskot ved nybyggingsoppdrag. Bankane har brent fingrane sine før. Svak eigenkapital gjer dei slett ikkje ivrigare.

Dette kan vere starten på ein vond spiral.

Bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft ber no regjeringa om ei ordning med forskots-garantiar gjennom Eksfin. Dette kan vere med på å få nybyggingsverft ut av ordretørken.

Ei slik ordning vil vere ein lav pris å betale for staten. Verfta er ikkje berre hjørnesteinsbedrifter i mange lokalsamfunn langs kysten, men også ein av spydspissane i den maritime næringa – ei næring som vi må byggje på ut av oljealderen og gjennom det grøne skiftet.

Forvitrar denne delen av næringa, kan det få vidtrekkande konsekvensar for mindre verft, utstyrsindustrien og andre tilknytta bransjar.

No er situasjonen prekær.