Den dødssjuke som ikkje fekk vere med sine næraste i livets siste dagar. Pappaen som ikkje fekk bli med på fødselen av eige barn. Barnet som ikkje fekk leike med dei andre. Berre fordi styresmaktene sa at det måtte vere slik.

I Koronautvalet sin rapport som blei lagt fram fredag, får norske styresmakter i hovudsak skryt for handteringa av pandemien. Grepa som blei gjort, var smartare enn svenskane si meir avslappa haldning. Dei langt færre dødsfalla er jo eit temmeleg konkret bevis på det. Men alt har ikkje berre vore bra.

Til dømes har ikkje svenskane hatt dei same sterke etterdønningane av psykiske helseplager blant unge som i Norge. For då Norge valde å stenge skulane i mars 2020, gjekk Sverige med statsepidemiolog Anders Tegnell i spissen motstraums og valde å halde skulane opne. Den vidaregåande skulen var seinare stengt i ein periode, men grunnskulen heldt ope tvert igjennom heile pandemiperioden. Svenske barn fekk dermed leve relativt normale liv, i sterk kontrast til norske barn i same periode.

«Dette har vært en knekk i mange barn og unges liv. Det er ikke bare å knipse det vekk. Voksne kan man lettare tenke seg at bare kan gå tilbake til normalen», kommenterte Morten Grøvli, avdelingsleiar for barn- og unges psykiske helsevern ved Ahus, til Aftenposten i førre veke. Avdelinga opplever eit enormt trykk for tida, noko han meiner kan dels skuldast påkjenninga mange unge opplevde med dei strenge tiltaka under pandemien.

For i nokre tilfelle blei vi for hardhendte i pandemihandteringa, ifølge Koronautvalet. Til dømes var det ikkje rett å halde norske vidaregåande skular på raudt nivå vinteren 2021/22 då den mildare omikronvarianten herja. Fordi det ikkje var nok sjølvtestar tilgjengeleg, hamna byrden på ei gruppe som allereie hadde mista ei viktig livsfase til pandemien.

Vidare konkluderer Koronautvalet med at dei restriktive reglane ikring sjukehusbesøk til dødssjuke var vel brutale.

Reglane ikring barnefødslar burde ha vore føyd til den lista.

For når den neste pandemien treff oss, håper vi at erfaringane frå 2020–2022 vil gjere oss betre rusta. Slik at vi kan spare menneskeliv, samtidig som dei viktigaste delane av eit menneskeliv heller ikkje går tapt: Å få vere saman med partnaren sin når barnet bli fødd, å få vere saman med sine næraste når livet tek slutt.

Og om mogleg: Få vere saman med vennar for ein oppvekst full av leik og latter.