Lokalpolitikken lokkar altfor få unge til valurnene. Valdeltakinga har aldri vore lågare blant yngre veljarar enn den er no. Særleg er det mange unge med lav utdanning som let vere å røyste.

Skulda for det skal ikkje dei unge bere åleine.

Og uansett kven som har skuld, så må det gjerast ein innsats for å snu dette. Sjølv om ein større del vil delta i val seinare i livet, kan vi ikkje tole at lokaldemokratiet smuldrar opp nedanfrå.

Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal for valet tidlegare i haust syner ei valdeltaking så vidt over gjennomsnittet for dei siste 20 åra. Ingen katastrofe altså, men vi må sjå langt etter «good old days» – altså tida mellom 1945 til 1991.

Valdeltakinga ser ut til å ha bite seg fast på eit lågare nivå.

Det har alltid vore slik at den er dårlegast mellom dei aller eldste og dei unge, særleg andregongsveljarane. Slik er det no også, og dette er det naturlege årsaker til.

SSB si analyse gir likevel grunn til uro. Blant dei mellom 26 og 34 år, altså dei som har hatt høve til å delta i tre lokalval, er det berre kvar fjerde som har delteke ved alle tre vala. SSB fast at det aldri tidlegare har vore så svake resultat.

Det er ei utvikling som vi ikkje kan bortforklare med at fråvær frå heimen på grunn av studiar og militærteneste gjer det vanskelegare for unge å delta ved val. Desse hindringane har vore rimeleg konstante dei siste tiåra.

Det er altså grunn til å frykte at unge bryr seg mindre om lokalpolitikken enn før.

Vi kan ikkje avfeie dette med at kommune- og fylkespolitikken ikkje angår dei yngste veljarane. Det gjer dei i aller høgste grad, og ikkje berre for politikkområde som skule, fritidstilbod eller kollektivtransport. Endå meir gjeld det når det kjem til prioriteringar.

Desse prioriteringane blir prega av at berre ein av ti norske kommunestyrerepresentantar er under 30 år.

Vi får då ein situasjon der godt vaksne veljarar fortel minst like godt vaksne politikarar om kva politikk som skal førast. Og kven er det som skal leve lengst med konsekvensane av den politikken som blir ført i dag?

Skulda for at få unge engasjerer seg ved val og som folkevalde er ikkje først og fremst dei unge si skuld. Partia må gjere ein betre jobb for å engasjere yngre. Media må gjere ein betre jobb for å synleggjere kva konsekvensar lokalpolitikken får for dei unge i dag – og for framtida.

Både barn og eldre er marginalisert i media.

Fleire unge veljarar og fleire unge politikarar kan gi ein betre politikk for framtida, og det treng slett ikkje bety dårlegare velferdsordningar for eldre og sjuke.

Tvert imot.