Rangeringa av norske kommunar i NHO sitt kommune-NM teiknar eit dystert bilete for små distriktskommunar. Nesten uansett kva innsats dei legg inn, må dei sjå langt etter pallplass.

Sentrum scorar høgst. Utkanten taper.

Unntak frå mønsteret er utkantkommunar som har trekt trumfkortet og vunne gunsten til vekstnæringar, store industribedriftene, ein høgskule eller turistar og hyttefolk.

NHO rangerer kvart år norske kommunar etter økonomisk berekraft og næringslivet si vekstkraft. Høgst på lista hamnar kommunar med ei ung og godt utdanna befolkning, eit sterkt næringsliv og god kommuneøkonomi.

Dette er ting som heng saman.

Vinnarar blir områda folk flyttar til, slik som det sentrale Austlandet eller dei sterke regionsentera rundt byar som Bergen, Stavanger og Trondheim. Taparar blir områda folk flyttar frå, slik som dei nordlegaste fylka og Innlandet.

Aller verst stilt i konkurransen er utkanten i utkanten.

Strengt tatt er ikkje dette overraskande. Utviklinga har pågått i mange tiår. Den er grundig dokumentert i statistikk og rapportar, og sett musikk til i protestviser frå kampen mot EEC på 70-talet.

Sentrum si sterke tyngdekraft er tung å stå imot.

I 2020 slo Distriktsdemografiutvalget fast at utviklinga kan leie oss mot eit todelt, polarisert samfunn. Tyngda av befolkninga i distrikta vil bestå av eldre, med ein stadig krympande andel yrkesaktive. Utvalet hadde eit lite håp om at det er råd å snu denne utviklinga.

Sola er vinnaren av NHO sitt kommune-NM nasjonalt med Oslo og Bærum på dei neste plassane. Heilt i botnen er Lavangen i Troms. I Møre og Romsdal toppar Ålesund, Ulstein og Giske. I botnen ligg Vanylven, Fjord og Sande.

Vanylven ligg nest nedst i landet målt på alderssamansetning.

Siger i eit NHO-meisterskap betyr sjølvsagt lite.

Her vankar det korkje medaljar eller pengepremiar. Likevel er dette alvor, og fortel om eit delt land der korta ikkje er tilfeldig fordelt.

Sentrale områder av landet og regionale sentra med omland har fått bildekorta. Distriktskommunar som Frøya, Austevoll eller Ulstein har fått trekt ein trumf – oppdrett, fiskeri og skipsindustri.

Utkantkommunar med ei kløver-to på hand kan ikkje toppe dette.

Dei kan framleis vere gode kommunar for dei som bur der. Utan ei meir rettvis fordeling av korta vil dei likevel alltid måtte slite tyngre enn andre for å yte gode tenester og for å lokke til seg ny aktivitet.

Det stiller store krav til distriktspolitikken.

Større enn nokon gong tidlegare.