Reiselivet ser ut til å få ein betre sommar enn næringa sjølv frykta. Eit fleirtal av bedriftene har like gode eller betre bookingtal for sommaren enn dei hadde i fjor.

Det er gode nyheiter for ei næring som vart hardt ramma av koronapandemien. Frykta var at dei økonomisk usikre tidene skulle gi eit nytt tilbakeslag i besøket.

Betre bookingtal gir grunn til optimisme.

Det er NHO Reiseliv si ferske medlemsundersøking som fortel om gode bookingtal. Møre og Romsdal er eitt av fire fylke der næringa kan ha særleg grunn til optimisme.

Midt i ein periode med økonomisk uro der mange har fått dårlegare råd, er dette oppløftande.

Folk prioriterer framleis å bruke pengar på ferien. Norsk reiseliv får også drahjelp av ei svak krone. Det vert dyrare for nordmenn å feriere i utlandet og billegare for utanlandske turistar å kome til Norge.

Det syner også att i bookingtala. Talet på utanlandske turistar veks.

Reiselivsnæringa er ei næring som treng alle lyspunkt den kan få. For denne næringa vart koronapandemien ei krise av historiske dimensjonar. Frå ein dag til den neste fall botnen ut av marknaden. I tillegg vart mange tvinga til å stengje dørene og permittere sine tilsette på grunn av smittevernrestriksjonar.

Sjølv ein viss auke i innanlandsk turisme har ikkje klart å bøte for dette, og framleis er talet på yrkesreiser, kurs og konferansar lågare enn før pandemien. Det rammar både flyselskap og overnattingsbedrifter.

Trass i hjelp frå staten under pandemien måtte dei tappe av reservane og fekk svekka likviditet.

Høge energiprisar, ein inflasjon ute av kontroll og stigande rente har det siste året gjort innhentinga etter pandemien vanskeleg. Regjeringa sine skatteskjerpingar i fjor haust la i tillegg ekstra vekt til den børa for bedrifter der eigarar må ta ut utbyte for å betale formuesskatt.

For ei næring som allereie før pandemien sleit med svært lave marginar, blir denne kostnadssmellen ekstra tøff.

Mange bedrifter slit framleis tungt, og konkurstala for første kvartal går dessverre i feil retning.

Norsk reiselivsnæring er ei viktig næring både for norsk økonomi og for svært mange lokalsamfunn, særleg i distrikta. I dag står denne næringa for rundt 40 milliardar i eksportinntekter, og det er venta å vekse dei komande åra.

I Møre og Romsdal skapar inntektene frå tilreisande over 3.000 arbeidsplassar. Betre bookingtal gir eit lysglimt. Ekstra viktig er dette for lokalsamfunn der næringa er særleg viktig for busetnad og verdiskaping.

Full friskmelding må vi likevel dessverre vente med å gi.