Førre veke skjedde det igjen; Fleire norske verksemder vart ramma av dataangrep. Også nettsidene til Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) var nede ei kort stund torsdag i samband med eit pågåande tenestenektangrep.

Norske bedrifter blir bedt om å auke tempoet i tryggingsarbeidet, fordi truslane blir stadig fleire og meir sofistikerte. – Beredskapen må byggast før det blir krise, sa Sofie Nystrøm, direktør i Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), då den årlege trusselvurderinga frå NSM, PST og Etterretningstenesta nyleg vart presentert. I rapporten «Risiko 2023» går det fram at underleverandørar er eit svakt punkt for mange verksemder, og at framande aktørar prøver å kjøpe tilgang til viktig teknologi.

Før invasjonen av Ukraina, var Russland Europas største gassleverandør. No er det Norge, og det gjer oss ekstra utsette. PST peikar på at Russland vil prøve å hente informasjon om dei fleste forhold ved norsk olje-, gass- og kraftsektor. På grunn av sanksjonane, vil Russland ha ekstra stort behov for å få tilgang til teknologi som gjer dei i stand til å produsere eigne varer og utstyr. Dette gjeld innanfor ei rekkje område som til dømes maritim teknologi, sensor- og deteksjonsteknologi, drone- og kommunikasjonsteknologi.

Vi må vere obs på at Russland, Kina og andre trusselaktørar kan skaffe seg tilgang til system tilknytt grunnleggande nasjonale funksjonar utan at vi er klar over det. Det spesielle med Kina er at den kinesiske staten ikkje har klare skiljelinjer mellom statleg og privat sektor. Ifølgje den kinesiske etterretningslova har kvar kinesisk borgar, verksemd og organisasjon plikt til å medverke til etterretningstenesta, dersom dei blir bedne om det. Det betyr at ein aldri kan vere heilt trygge på at private aktørar ikkje bidreg med ulovleg etterretningsverksemd til fordel for den kinesiske stat. Kinesiske selskap eller studentar, som i utgangspunktet har heilt legitime hensikter, kan bli beordra til å spionere på vegner av partistaten, skriv PST.

Digitaliseringa av samfunnet gir oss mange nye moglegheiter, men gjer oss også meir sårbare. Det er viktig at vi forstår at truslane mot Norge er svært samansette. Det handlar både om dataangrep, industrispionasje, spreiing av desinformasjon, strategiske oppkjøp av norske verksemder og kartlegging av kritisk infrastruktur. Saker som i seg sjølv kan verke bagatellmessige, kan likevel utgjere risiko i ein større samanheng. Derfor må vi vere årvakne, og ikkje naive.

Det er viktig at vi forstår at truslane mot Norge er svært samansette