Stad skipstunnel var med i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, trass hard motbør og grov økonomisk sjø. No er plassen igjen i fare.

SV foreslår i sitt alternative budsjett å droppe pengar til vidare arbeid med prosjektet.

Samtidig slår samferdsleavdelingane i Vestland og Møre og Romsdal fast at det blir for dyrt å opprette hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen.

Det er langt frå første gong det bles hardt rundt Stad skipstunnel. Knapt nok noko anna større offentleg byggeprosjekt har vore gjennom fleire utgreingar.

Meir enn 20 har det blitt i talet.

Dei som har kjempa for tunnelen har hatt minst like mange opp- og nedturar i takt med resultatet av dei mange utgreiingane. Prosjektet har også vore gjennom svingdøra i fleire statsbudsjett.

At samferdsleavdelingane i dei to vestlandsfylka er kritiske til å drive hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund er ikkje eit stort sjokk. Det er i tråd med konklusjonen i den siste kvalitetssikringa (KS2).

Her vart det også slått fast at eit slikt samband var lite sannsynleg, og at det neppe ville vere samfunnsøkonomisk nyttig.

Når det no vert sett ein prislapp på tusen kroner per reisande i subsidiar, vil det likevel gi ekstra ammunisjon for SV sin motstand i budsjettforhandlingane.

Som opposisjonsparti under Solberg-regjeringa, kjempa SV for skipstunnelen. Fylkespartiet understreka dette sterkt i sin høyringsuttale til Nasjonal transportplan i 2020.

Her skrytte partiet av at det var med SV i regjering tunnelen først kom inn i planen.

«Å realisere den er godt for landet og verden for øvrig», heitte det i den høyringsuttalen. Det kan godt hende at både fylkespartiet og Birgit Oline Kjerstad (SV) meiner det same no.

Faktum er likevel at SV i sitt alternative budsjett, lagt fram rett før partiet går i forhandlingar med regjeringa, foreslår å stryke prosjektet.

Det lovar dårleg.

Eit slikt kutt kan stå høgt på regjeringa si ynskjeliste til jul, særleg om det er signert SV. Skipstunnelen er i tillegg stempla som eit gedigent sløseprosjekt av enkelte i hovudstadspressa.

For Stad skipstunnel er dei komande budsjettforhandlingane avgjerande. Tunnelen er langt på veg byggjeklar. Blir den ikkje realisert no, kan det bety slutten for prosjektet.

Akkurat lønsemda i å opprette eit hurtigbåt-samband er ikkje det viktigaste.

Det står langt meir på spel enn at dette bør avgjerast i seine nattetimar av forhandlingane om budsjettet. Heller ikkje fordi dette er kutt i distrikta som kan få applaus på leiarplass i Aftenposten.