Dette året blir eit merkeår for ein del 18-åringar. Det er 18 år sidan at det vart slutt på at sædgivarar kunne vere anonyme. Dei første barna som vart til ved hjelp av kjent sæddonor på norske klinikkar får dermed høve til å finne ut kven dei har arva halvparten av sitt DNA frå.

Donorbarn er ikkje annleis enn andre barn. Det handlar berre om at foreldre som inderleg ønskjer seg barn, og som ikkje kan få det på eiga hand, kan få hjelp av donor ved assistert befruktning. I mange tiår praktiserte Norge full anonymitet for sædgivarar, og barna hadde ingen juridisk rett til å få vite identiteten til donor.

Dette vart endra i 2005, då Stortinget slo fast at barna skulle ha rett til å få vite identiteten til donor når dei fylte 18 år. Bioteknologilova vart endra på nytt i 2021, og det vart lovleg å donere egg også. Samtidig fekk foreldre plikt til å fortelje barna at dei er blitt til ved hjelp av egg- eller sæddonasjon. Dei som er fødde etter dette vedtaket, kan få vite identiteten til donor når dei fyller 15 år.

Helsedirektoratet har ansvar for å etablere eit sentralt egg- og sæddonorregister som det blir mogleg å søke innsyn i. Etter planen skal dette registeret lanserast i haust.

– Det er svært bra at donorbarn no får denne moglegheita, seier Raymond Egge til Vårt Land. Egge er styremedlem i Foreningen Donorunnfangede i Norge (DUIN). Foreininga ønsker å vere eit ressurssenter for personar unnfanga med donor, slik at dei kan støtte kvarandre og drive opplysingsarbeid.

I Norge kan ein sæddonor gi opphav til barn i maksimalt seks familiar. Fram til 2020 var det ei maksgrense på åtte barn. Dette betyr at dei som er unnfanga ved hjelp av sæddonasjon, kan ha mange halvsøsken utan å vite om det. Eit klart krav frå DUIN er at det må bli mogleg for donorbarn å få vite om halvsøsken. For enkelte er det like interessant å finne halvsøsken, som å finne ut kven som er den genetiske faren.

Både i Sverige og i Storbritannia får donorbarn høve til å kontakte sine donorhalvsøsken, dersom begge partar gir samtykke til det. Det er umogleg i Norge, fordi bioteknologilova ikkje opnar for det. To norske halvsøsken kan i teorien derfor bli par, utan å vite om slektskapet. Vi meiner at norske donorbarn må få same moglegheit som i Sverige og Storbritannia. Bioteknologilova må snarast justerast slik at dette blir mogleg.

Det er ikkje alltid barn og vaksne har samanfallande interesser, og derfor er det positivt med ei interesseforeining som kan målbere barnas behov.

Barn har rett til å få kjennskap til sitt genetiske opphav, og barns behov må kome først når ulike interesser skal vegast mot kvarandre.

Derfor er det positivt med ei interesseforeining som kan målbere barnas behov