Søndag kveld vart det klart at Håkon Lykkebø Strand frå Frp tek over som ordførar i Ålesund etter Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet.

Dette vart resultatet etter fleire dagar med forhandlingar mellom valvinnarane Frp, Høgre og Ålesundslista.

Strand blir ordførar, Monica Molvær (H) varaordførar medan Hans Kjetil Knutsen (Ålesundslista) blir leiar for planutvalet.

Det er mange krevjande oppgåver som ventar dette trekløveret. Dei sit på ei rad med valløfte som kan bli svært vanskelege å innfri.

Dei vil både fjerne eigedomsskatten og bygge fleire sjukeheimsplassar.

Kvar pengane skal hentast frå, står att å sjå.

Partane er heller ikkje einige om kva som skal skje med kloakkreinseanlegget på Kvasneset. Her kan det bli nye rundar med utgreiingar.

Det skal også gjennomførast ei ny vurdering av gateterminalen i Keiser Wilhelms gate.

At ein trepartikoalisjon som har som ambisjon å styre kommunen er ueinige om store saker som dette, er med å svekkjer dei tre partia si styringsevne. Det vil kunne gi opposisjonen i kommunestyret mykje makt dei neste fire åra.

Ei viktig sak valvinnarane har vore samde om er å sette strek over Ålesund som nynorskkommune, og bli språknøytral.

For å oppnå nøytralitet i praksis, bør den gode språkbruksplanen som vart utvikla då nynorsk vart valt som administrasjonsspråk, vidareførast. Den legg vekt likestilling. Det vil seie at folk som skriv til kommunen på bokmål, får svar på bokmål, og dei som bruker nynorsk, får svar på nynorsk.

På den måten viser ein respekt for begge målformene. Slik var det ikkje tidlegare.

Då Eva Vinje Aurdal vart ordførar for åtte år sidan hadde ho ein visjon om at Ålesund skulle bli eit sterkare tyngdepunkt mellom Bergen og Trondheim. Regionen har behov for eit urbant sentrum, ikkje minst for å få fleire unge kvinner til å ville etablere seg i denne delen av landet, som i mange år har slite med kvinneunderskot.

På dette området har det skjedd mykje positivt siste åra, mellom anna fordi kommunen er blitt større. Eva Vinje Aurdal fortener ros for sin innsats på dette området.

Det viktigaste må vere å sikre gode tenestetilbod til alle innbyggarar. Sidan dei tre partane ikkje er einige om alle viktige saker, vil dei måtte søke fleirtal med andre i kommunestyret.