Veldig mykje gjekk gale då skyssbåten «Toja» forliste i Tomrefjorden 30. mai i fjor. Det kunne blitt ei katastrofe med mange tapte menneskeliv, viser rapporten frå Statens havarikommisjon.

Åtte passasjerar og båtførar låg midtfjords i ni-ti grader kald sjø og kjempa for livet i 47 minutt før dei blei berga. Fleire med defekte redningsvestar som lak luft. Forsøk på å blåse opp vestane var fånyttes. Ein av dei bestemte seg til slutt for å prøve å symje mot land.

Redningsetatane, Hovedredningssentralen og Kystradio Sør sat vegg i vegg med open glasdør på Sola, men posisjonen til dei som var i nød nådde ikkje fartøy som søkte rett i nærleiken på grunn av dårleg intern kommunikasjon. Det forseinka berginga mykje. Mangel på tilgang til sentrale naudsystem på tvers av redningsetatane er ei av forklaringane.

Det kan ikkje tolast at sjøfarande ikkje kan stole på at naudetatane er optimalt organisert og teknisk utstyrt når det står om minutt mellom liv og død. Ansvarlege instansar, med Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap i spissen, må handle raskt og gjere råda frå Statens havarikommisjon til ny standard. Denne rapporten kan ikkje kvile i ein dokumenthaug.

Åtte passasjerar og båtførar låg midtfjords i ni-ti grader kald sjø og kjempa for livet i 47 minutt før dei blei berga.

Milliardkonsernet Vard har tatt gode grep etter ulykka, men det må vere pinleg å bli avslørt som kunnskapslause om reglane for drift av skyssbåt. Dei er leiande skipsbyggarar og har svikta på tryggleiken til eigne og andre sine arbeidsfolk om bord i eigen båt. Kan manglande medvit ha ført til at drift og vedlikehald av skyssbåten gjekk under radaren?

Den 19 år gamle båten var framleis på sjøen etter fire skrogreparasjonar på styrbord side, seinast i 2018 og den siste berre nokre månader før forliset. Det fatale holet i skroget kom på styrbord side, og rapporten skildrar at tidlegare reparasjonar frå ein ekstern leverandør ikkje var gode nok. Dette har truleg ført til at skroget kollapsa for godt medan båten gjekk i 20 knop mot bølgjer på rundt 1,5 meter.

Rapporten påpeiker at vanleg tilsyn ikkje kunna avdekka manglane, men det må vere lov å spørje om båten sin alder og alle reparasjonane til saman burde ha vore nok til at alarmen skulle ha gått og «Toja» sett på land for godt.

Rapporten til Statens havarikommisjon bør bli obligatorisk lesestoff for alle aktørar innan maritim industri, oppdrettsnæring og fiskeria. Vard er ikkje aleine om å ha skyssbåt. Neppe heller dei einaste som har slike båtar – med eller utan gamle skrogskadar – feilregistrert.