Møre og Romsdal har i mange år slite med kvinneunderskot, og ein mannsdominert arbeidsmarknad. Denne situasjonen er i ferd med å endre seg, og det er både gledeleg og nødvendig for å sikre framtida i eksportfylket.

Det er no fleire kvinner med lang høgare utdanning sysselsett i fylket enn menn. Sidan 2015 har andelen kvinnelege leiarar auka frå 35 prosent til 36,6 prosent. Fylket ligg framleis under landsgjennomsnittet når det gjeld kvinnelege leiarar, men utviklinga går rett veg: På landsplan har veksten i mannlege leiarar vore på 1,8 prosent i denne perioden, medan det er blitt 13 prosent fleire kvinnelege leiarar.

I Møre og Romsdal derimot har talet på mannlege leiarar gått ned med 2,9 prosent i same periode, medan talet på kvinnelege leiarar har auka med 13,7 prosent. Dette kan på sikt gi betre kjønnsbalanse, for det er behov for både kvinner og menn i toppstillingar.

I 2021 var det fleire kvinner som flytta til fylket, enn ut av det. Framleis er det underskot på kvinner, men fylket ligg ikkje lenger sist på landsstatistikken.

Dette er ferske tal som Sunnmørsposten har fått frå fagleiar Trygve Grydeland, i avdelinga for statistikk, analyse og kart i Møre og Romsdal fylkeskommune, og tala gir grunn til optimisme.

Unge kvinner med leiarambisjonar bør absolutt ikkje velje bort Nordvestlandet

Under konferansen The North West sist veke, vart det diskutert om mangelen på kvinnelege toppleiarar er eit distriktsproblem. Det er eit godt spørsmål. Dei siste 20–30 åra har unge kvinner reist til dei største byane for å skaffe seg utdanning, og mange har etablert seg i nærleiken av studiestaden. Det er universitetsbyane som har flest unge kvinner, og flest kvinnelege leiarar.

At Ålesund er blitt universitetsby, og tilbyr utdanning innan ei rekkje ulike fagområde, er ein stor gevinst for heile regionen. Framskriving av folketalet i Møre og Romsdal gir nemleg grunn til uro. Det blir færre barn og unge, og fleire eldre. Det er overvekt av menn i alle aldersgrupper, bortsett frå dei aller eldste. Ålesundsregionen er eit av få område i fylket som kan vise til folketalsvekst, og den kjem godt med.

Møre og Romsdal er eit av dei største eksportfylka, som bidreg med store verdiar for heile landet. Her er mange spennande arbeidsplassar som treng dei dyktigaste og mest kompetente arbeidstakarane. Sidan kvinnene er på utdanningstoppen, er det avgjerande at regionen er attraktiv også for kvinner. Betre kjønnsbalanse, både i folketal og posisjonar, er avgjerande for at ressursar og talent kan utnyttast på beste måte.

Unge kvinner med leiarambisjonar bør absolutt ikkje velje bort Nordvestlandet. Tvert om. Her er fantastiske moglegheiter.