Mange har snakka om det. Få har hatt mot til å gjere noko med det. Før jul kom kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) med fleire forslag som skal bremse den mest ekstreme forma for russefeiring. Dei skal ha ros for å prøve å endre ei russetid som både elevar, lærarar og foreldre meiner har sklidd fullstendig ut.

Dei vidaregåande skulane i Tromsø har flytta russefeiringa frå mai til etter eksamen i juni, og kunnskapsministeren oppmodar alle andre skular om å gjere det same. Den særnorske varianten med festing før eksamen, er både ulogisk og upraktisk. Feiringa kan svekke moglegheitene for gode karakterar, som kan vere avgjerande for vegen vidare i yrkeslivet. I andre land skjer feiringa etter eksamen, og slik bør det vere i Norge også.

Regjeringa vil også forby russeklede som kan føre til ekskludering, og peikar på at skulane har høve til å regulere dette i sitt ordensreglement for å fremme inkludering. Forbodet er lett å omgå, og utan ei gjennomgripande haldningsendring, har det liten verdi. Både elevar og foreldre må forstå kvifor ekskluderande plagg, bidrar til eit dårlegare skulemiljø.

Den siste tida har det kome fram mange historier om elevar som har opplevd russetida som eit samanhengande mareritt med utfrysing og utanforskap. Enkelte stadar startar førebuinga alt på ungdomsskulen med utveljing av kven som skal få bli med i bilen eller bussen. Enkelte bussar har eigne genserar med namnet på alle som er med, og det blir ekstra tydeleg kven som er innanfor og utanfor eit fellesskap.

Dei mest skeptiske til forslaga frå regjeringa, er nok alle som tener store pengar på russen. Forbrukartilsynet har fått i oppdrag å føre særleg tilsyn med aktørane som sel biler, klede, utstyr og andre varer og tenester til russen. Det er absolutt behov for å flombelyse denne bransjen. Ungdom blir utsett for svært omfattande marknadsføring i samband med russefeiring, og det blir fortalt om dyre kleskjøp med hemmelege kontraktar, som det er vanskeleg å kome seg ut av. Russen kan bli eit lett bytte for sterke kommersielle krefter.

Russefeiringa er privat, og i mange år er dette blitt brukt som unnskyldning for at verken kommune, foreldre eller skule har sett det som si oppgåve å gripe inn. Det er vanskeleg for enkeltpersonar å endre ei feiring med lange tradisjonar. Lokale initiativ er bra, men det er behov for landsomfattande endringar. Derfor er det positivt at regjeringa no tek rolla som festbrems, og inviterer foreldre, skule og ungdommar med på laget for å skape ei meir inkluderande russefeiring.

Det er absolutt behov for å flombelyse denne bransjen