Digitalt utanforskap er eit alvorleg samfunnsproblem. Ålesund kommune fortener ros for sin aktive innsats for å førebygge det. Utan digital kompetanse står innbyggjarane overfor store utfordringar i alt frå parkering og bussreiser til å bestille legetime og betale rekningar.

Så mange som kvar femte innbyggar kan vere sårbar i møte med offentlege digitale tenester, viser tal frå Digitaliseringsdirektoratet.

Gjennom samlingane «Fole kjekt å vere sosial og digital» får innbyggarane i Ålesund hjelp til å auke sin digitale kompetanse. Arrangementa er gratis og kombinerer sosialt samvær over ein kopp kaffi med nyttig opplæring. Til dømes kan ein lære å bruke mobiltelefon, nettbrett og datamaskin, få hjelp til å opprette BankID, svare på e-post og logge seg på offentlege tenester.

Dei opne samlingane har funne stad ved Nærmiljøkafeen på Harøya, Ålesund bibliotek, Ørskog frivilligsentral, Moa bibliotek og Skodje bibliotek. I fjor vart det arrangert 53 møteplassar med til saman 422 deltakarar. Dette året starta med samlingar i januar der politiet snakka om digital tryggleik, medan tema i februar blir trygg netthandel.

Initiativet starta opp i gamle Haram kommune under namnet «Fole kjekt å møtast», som eit tiltak mot einsemd. Under pandemien vart behovet for å førebygge einsemd endå tydelegare, samtidig som behovet for å styrke den digitale kompetansen auka. Ålesund kommune søkte om midlar frå mellom anna Helsedirektoratet til eit utvida prosjekt som fekk namnet «Fole kjekt å vere sosial og digital».

Prosjektet er blitt leia av Synnøve Opsahl Melseth, og mange har fått opplæring. Etter nyttår er prosjektet blitt ein del av den ordinære drifta i kommunen. Utanom møteplassane blir det gitt individuell digital rettleiing hovudsakleg ved biblioteka og innbyggartorga.

I tillegg til kommunens arbeid, tilbyr både Pensjonistforbundet og Ålesund senioruniversitet kurs og opplæring for innbyggjarar som treng hjelp til å bli meir digitale. Desse organisasjonane gjer også ein viktig innsats for å førebygge utanforskap. Med samfunnet sitt raskt aukande digitaliseringsnivå og stadig nye tenester, er det avgjerande at alle får høve til å henge med.

Digital kompetanse handlar ikkje berre om å kunne bruke datamaskinar og internett, men òg om å forstå konsekvensane av teknologien. Til dømes spørsmål knytt til personvern, kjeldekritikk, datasikkerheit og digitalt borgarskap. Ved å utvikle ei kritisk forståing, kan innbyggarane bli tryggare digitale brukarar.

Utan digital kompetanse står innbyggjarane overfor store utfordringar