Vi har brukt altfor lang tid på å forstå trusselen frå Russland. Vi har vore for naive. Derfor har vi også satsa for lite på Forsvaret over lang tid.

Slik naivitet kan vi ikkje lenger tillate oss.

Vi må gjere opp for gamle synder.

Forsvarskommisjonen sin rapport gir oss klar beskjed om korleis vi har forsømt oss, og kva vi må gjere for å ta att det tapte. Vi står i eit tidsskilje, og det må vi ta på alvor – med dei kostnadane det vil medføre.

Forsvarskommisjonen vart sett ned hausten 2021 for å vurdere kva veival og prioriteringar Norge må gjere for å trygge landet vårt dei næraste 10–20 åra. Få månader etter senka eit nytt alvor seg over kommisjonen sitt arbeid.

Russland sin fullskala invasjon av Ukraina i februar i fjor, synte på det aller mest brutale vis kva som står på spel.

Kommisjonen sin rapport pakkar det ikkje inn. Vi er ikkje er godt nok rusta til å forsvare oss. Dagens forsvar er for lite og sårbart. Vi klarer korkje å innfri våre internasjonale plikter eller å stille med eit truverdig forsvar av eige land. Dette gjeld både militært og i eit totalforsvarsperspektiv.

Russland sin invasjon av Ukraina sende eit sjokk inn i europeisk tryggingspolitikk. Den tyske forbundskanslaren, Olaf Scholz, heldt sin berømte «Zeitenwende»-tale tre dagar etter at det russiske angrepet på Ukraina vart innleia.

Han annonserte eit markert skifte i tysk forsvarspolitikk.

Tida etter talen har synt at det kan vere krevjande å følgje ord med handling. Eit nyleg lekka dokument frå den tyske hærsjefen, Alfons Mais, fortel at Tyskland slit med å oppfylle sine avtalar i Nato-samarbeidet.

Grunnen er fleire tiår med forsøming av forsvaret.

Europa står i ein tidsskilje – Zeitenwende. Forsvarskommisjonen sin rapport slår alarm. Det betyr at vi må handle raskt. Vi må styrke Forsvaret for å gjere opp med gamal naivitet, og for å tilpasse oss eit nytt trusselbilete og eit nytt Nato.

Finland, truleg også Sverige, sitt Nato-medlemskap vil endre vår rolle i forsvarsalliansen.

Vi må også innsjå rivaliseringa mellom Kina og USA kan vere i ferd med å flytte fokuset til vår viktigaste allierte. Det betyr at vi må ta eit større ansvar for vår eigen tryggleik i nært samarbeid med våre europeiske allierte. Verda er ikkje som før.

Alt dette vil koste, både økonomisk og i form av knallharde politiske prioriteringar, men vi har ikkje råd til å la vere.

Vi gjer det for å bevare freden.