Styret i Helse Møre og Romsdal skal i morgon, tysdag 13. juni, ta stilling til om administrasjonen skal få fullmakt til å vurdere om arbeidet med det såkalla AIO-prosjektet ved Ålesund sjukehus kan halde fram.

Dette prosjektet er ei stor modernisering av Ålesund sjukehus med nytt akuttmottak, ny intensivavdeling og kraftig oppgradert operasjonsavdeling. Forprosjektet er i sluttfasen, og det er avgjerande at arbeidet ikkje stoppar opp. Det er reell frykt for at Ålesund ikkje lenger vil kunne fylle rolla som det mest differensierte sjukehuset i regionen, nest etter St. Olavs hospital i Trondheim, dersom heile eller delar av oppgraderinga blir utsett. Den nødvendige oppgraderinga burde ha vore gjennomført for lenge sidan.

Oppgraderinga kjem på litt over ein milliard, og helseføretaket må stille med eigenkapital på rundt 300 millionar. Resten skal finansierast med låneopptak, som regjeringa må garantere for.

Det var svært skuffande at Helse Møre og Romsdal ikkje fekk statleg lånegaranti i samband med statsbudsjettet i fjor haust. Stortingsrepresentant Åse Kristin Ask Bakke (Ap) frå Ålesund har nesten lova at pengane skal kome, men statsbudsjettet blir ikkje lagt fram før i oktober.

Signala er likevel så tydelege, at ein må kunne oppfatte at helseføretaket har fått ein forpliktande lovnad om lånegaranti. Organisasjonen som har arbeida med AIO-prosjektet i Ålesund har deadline i august, og neste styremøte i helseføretaket er ikkje før i september. Administrerande direktør ber om fullmakt til å vurdere om prosjektet kan halde fram. Dersom fullmakt er nødvendig for å halde prosjektet i gang til neste styremøte, er det fornuftig. Men dersom ny kalkyle og ny risikovurdering gjer at administrasjonen vurderer å stanse det, må styret involverast. Eit alternativ til fullmakt, er derfor å ha låg terskel for å kalle inn til ekstraordinært styremøte ved behov.

På komande møte skal styret dessutan behandle ei sak om kostnadane med nye og utvida medisinske tilbod ved Kristiansund sjukehus. Fleire er uroa for at driftskostnadane i Kristiansund vil kome ut av kontroll, noko som kan få konsekvensar for sjukehustenesta i heile fylket. Konstituert adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, Heidi Nilsen, er tydeleg på at planane, slik dei no er forma ut, er utanfor mandatet. Det må styret ta konsekvensen av.

Gode sjukehustenester er avgjerande for at folk skal oppleve tryggleik. Det planlagde nybygget i Ålesund kan på sikt gi lågare driftskostnadar, ved at arealbruken blir meir rasjonell og fleksibel. Fleire operasjonsstover kan takast i bruk utan å auke bemanninga. Å utsetje oppgraderinga, kan bli svært dyrt.

Det er reell frykt for at Ålesund ikkje lenger vil kunne fylle rolla som det mest differensierte sjukehuset i regionen