Sverige har oppretta organet «Myndigheten för psykologiskt forsvar» som skal styrke folks motstandskraft mot desinformasjon. Formålet er å kjempe mot falske nyheiter, og verne om det opne og demokratiske samfunnet. Det er eit prisverdig formål. Ingen tvil om at desinformasjon er eit veksande problem, og at det kan svekke eit lands motstandskraft. Oppdraget er å «identifisere, analysere og gi støtte i møte med uønskt påverknad av informasjon og annan villeiande informasjon retta mot Sverige eller svenske interesser».

Mange meiner dette er fornuftig, og at Norge bør innføre noko tilsvarande. Det har fått Reidun Kjelling Nybø og Solveig Husøy, høvesvis generalsekretær og assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening til å reagere. Dei åtvarer kulturminister Lubna Jaffery mot å kopiere det svenske forslaget. Den åtvaringa bør kulturministeren lytte til. Den svenske modellen er ikkje løysinga.

«Dette er den type regulering alle autoritære regimer elsker: forbud mot å spre usannheter, og at regimet definerer hva som er «sant» og hva som er «usant», skriv Nybø og Husøy i eit innlegg i Dagens Næringsliv.

I regjeringa er det kulturministeren som har fått ansvar for dette fagfeltet, og derfor er åtvaringa adressert til henne. Å gi staten makt til å avgjere kva som er ekte og falske nyheiter, kan opne for statleg sensur og politisk manipulasjon. Staten er ingen nøytral aktør. Uansett kor gode intensjonane kan vere, så kan definisjonen av sanning bli påverka av dei styrande sine politiske interesser.

Putin er lite glad i kritiske journalistar. Den russiske Dumaen har innført ei lov som gjer det mogleg å straffe folk med 15 års fengsel, dersom dei kjem med «feil informasjon» om det som skjer i Ukraina. Kva som er rett og feil er det Russlands politiske leiing som bestemmer.

Retten til informasjon er ein sentral del av ytringsfridomen. Vaksinen mot desinformasjon er ei fri og uavhengig presse, med redaktørar som kan stillast til ansvar for det som blir publisert. Fri søking etter sanning er heilt avgjerande for at demokratiet skal fungere. I staden for å gi staten ei sentral rolle i å avgjere kva som er sanning, bør forholda leggast til rette for betre opplæring i kjeldekritikk, og til å styrke det frie ordskiftet. Ytringsfridom er hjørnesteinen i eit ope og demokratisk samfunn. Det gir borgarar rett til å gi uttrykk for kva dei meiner, også når dei er i opposisjon til dei styrande i landet, eller har synspunkt som går på tvers av det fleirtalet meiner.

Den svenske modellen er ikkje løysinga