Arbeidsløysa i Norge har lenge styrt mot det nivået vi hadde før pandemien, og er no om lag på gjennomsnittet for dei siste 25 åra.

Ekstra gledeleg er det at også andelen som har vore ledige lenge, har falle sterkt.

For både den enkelte som blir utan jobb og for samfunnet er langtidsarbeidsløysa særleg alvorleg. Får den bite seg fast, er den mykje tyngre å kome seg fri av enn hopp i arbeidsløyse av kortare varigheit.

Statistisk sentralbyrå (SSB) si siste arbeidskraftundersøking fortel at koronakrisa gav oss både den brattaste auken i arbeidsløysa og det høgaste nivået på dei siste 25 åra.

Korkje IT-bobla, finanskrisa eller oljesmellen gav like kraftige utslag.

Koronakrisa råka økonomien raskt og hardt. Vi må tilbake til mellomkrigstida for å finne eit like stort fall i brutto nasjonalprodukt (BNP) som våren 2020. På to veker fall BNP med 14 prosent, og arbeidsløysa spratt i eit kort glimt opp i over 12 prosent.

I kvartal-statistikkane til SSB nådde arbeidsløysa toppen same haust, med trass alt «beskjedne» 5,3 prosent. Men på same vis som den steig bratt, dalte den heldigvis også fort, med unntak av eit lite tilbakeslag første kvartal i 2021.

Ei slik utvikling såg sentrale økonomar for seg alt ved inngangen av krisa.

Særleg to forhold låg til grunn for denne spådommen.

Først var dette ei tilbodskrise på grunn av nedstenging og krefter utanfor økonomien. I tillegg gav krisepakkar hjelp til overleving for sunne bedrifter som derfor kunne kome seg raskt på beina att etter at krisetiltaka vart avvikla.

Likevel: Vi har hatt ei krise som har vart i nær to år. I arbeidsmarknaden er dette lang tid. Særleg er så lang tid skummelt for dei som er svakt knytt til arbeidslivet. For dei kan terskelen for å kome innanfor bli høgre jo lenger dei blir ståande utanfor.

Dette gjeld mellom anna nyutdanna, folk med helseproblem, nyinnvandra og dei med liten eller lite etterspurt kompetanse.

For desse gruppene kan det akutte lett bli kronisk og gi varig svekka økonomi og livskvalitet.

SSB sine tal syner at andelen som har vore arbeidslause i over 10 månader, framleis ligg litt over snittet for dei siste 25 åra. Andelen som har vore arbeidslause mellom eit halvt år og 10 månader er derimot langt under dette gjennomsnittet.

Vi kan altså ikkje senke skuldrene enno, men den underliggande trenden er positiv. Oppturen og gjenhentinga i økonomien har saman med summen av tiltak sett oss på rett kurs.