Nyleg kom KrF-nestleiar Ida Lindveit Røse med ei tydeleg oppfordring til matbutikkane: nemleg å flytte godteriet vekk frå barnehøgde og vekk frå kasseområdet.

Ho har sett seg lei på at dei små barna hennar altfor lett får augo på freistingar medan dei er rastlause i kø.

Også tidlegare helseminister Bent Høie (H) har ytra ønske om å fjerne godteriet i kasseområdet, men meinte at det må vere opp til daglegvarekjedene sjølve.

Vel, no har det gått ganske mange tiår med godteri ved kasseområda til alle daglegvaregigantane, utan at dei har sett seg tent med ei slik endring. Korfor skulle dei då plutseleg finne på noko sånt no?

Det er rimeleg å tru at det er kyniske, økonomiske årsaker til at ting har blitt som dei har blitt.

Mjølka er til dømes ganske så konsekvent bakarst i butikken. Det betyr at kundar må gå forbi alle freistingane for å kunne plukke den vanlegaste daglegvara ned i korga.

Og rett ved kassa, kor blodsukkeret gjerne er lågt på tampen av handlerunden, er det veldig lett å nappe med seg ein sjokolade på vegen – også for vaksne. Køområde er perfekt for impulskjøp, og dermed også svært attraktivt for enkelte produsentar.

Verken Nidar eller Freia vil sjå blidt på om produkta deira plutseleg skulle bli dytta inn i butikkdjupet. Sannsynet for tap i omsetning er stort.

I ein engelsk studie frå 2021, var resultata tydelege då dei fjerna snacks, godteri og usunn mat frå kasseområdet, og heller la til meir frukt og grønt ved inngangen. 150 kvinner i alderen 18–45 blei følgde over tid, og godterikjøpet stupte då endringane blei innført. Reint konkret viste funna at ommøbleringa førte til at kvar butikk selde rundt 1500 færre porsjonar godteri, men nesten 10.000 ekstra porsjonar frukt og grønsaker.

I ein annan engelsk studie frå i fjor, samanlikna forskarane salet i butikkar kor påskegodteriet hadde gunstig plassering, med butikkar kor påskegodteriet hadde dårlegare plassering. Forskjellen ved studieslutt utgjorde 23 kilo mindre per veke i butikkane med dårlegare plassering.

Her i Norge stod Else Kåss Furuseth nyleg for eit liknande eksperiment i NRK-serien «Helsekost Furuseth». I sin eigen nærbutikk gjorde ho godteri og snacks mindre tilgjengeleg i ein heil dag. Ifølge butikken blei godterisalet halvert samanlikna med same dag året før.

Det er altså ikkje berre i eigedomsverda at plassering har betydning.

Spørsmålet er berre om politikarane snart tør å ta opp kampen med daglegvarekjedene. Å spørje pent, hjelper tydelegvis ikkje.

Køområde er perfekt for impulskjøp, og dermed også svært attraktivt for enkelte produsentar