Då eg skulle skrive denne kommentaren var eg i kontakt med ein kjenning som er homofil. «Kom gjerne på grilling til meg og kjærasten seinare i dag», sa han, og la spøkefullt til: «Då får du eit nærstudium av korleis homoar lagar til kvardagsgrilling i hagen».

Vi måtte le av litt av dette, for dei fleste av oss veit veldig godt at skeive folk lev liva sine nett som andre Vi er alle del av den same kvardagsdansen der vi tar eit trinn hit og eit trinn dit mellom jobb, plikter, trening, verv, vener, familie og, i mange tilfelle, små eller store barn.

Bygdepride

Det var nettopp eit tiltak for å demme opp om utanforskap som fekk arrangørane til å stable verdas første Bygdepride på beina. «Vi ynskjer å vise at Ørsta og Volda er eit lokalsamfunn som viser kjærleik, aksept og mangfald, og der alle skal kjenne seg heime. Ingen skal lenger kjenne at det er naudsynt å flytte fordi ein er annleis», uttalte leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Ørsta/Volda Pride i ei av dei første pressemeldingane frå Bygdepride.

Motstand

Denne opne motstanden har fått breie delar av samfunnet til å slå ring rundt Bygdepride. Mobiliseringa er stor, i alt frå idrettslag til kristne organisasjonar. Kulturminister Trine Skei Grande kjem også for å kaste glans over arrangementet. I paraden fredag er det venta i alle fall 500, mogleg langt fleire.

Arrangørane sjølve er overvelda av støtta dei får og fortel at journalistar frå heile Norge vil snakke med dei.

Dette enkle

Vi er ikkje redde for forbanninga di, Hans Reite. Frå torsdag til søndag set Ørsta og Volda toleranse og aksept i fokus.

For det vi kjenner, dei fleste av oss, er dette enkle: Vi bryr oss ikkje om kven du deler seng med, vi bryr oss om deg. Lenge leve kjærleiken!

Og lykke til med Bygdepride.