8000 menneske stilte i fakkeltog for å slå ring om sjukehuset i Volda, og for å vise helseminister Høie og Høgre/Frp-regjeringa at framlegget om å fjerne akuttkirurgien er totalt uakseptabelt. Møre og Romsdal SV vil kjempe saman med alle som no mobiliserer for at Volda sjukehus framleis skal vere eit fullverdig sjukehus med alle akuttfunksjonar.

Framlegget om kutt i akuttkirurgi ved fem lokalsjukehus, mellom anna Volda, som ligg i Nasjonal helse- og sjukehusplan, var eitt av fleire tema då partileiar Audun Lysbakken tala til landsstyret i SV sist helg. SV har lenge kjempa for å få attende politisk styring over sjukehuspolitikken. Vi var imot innføring av føretaksmodellen, og vi har ikkje skift meining. Det er folkevalde på Stortinget som skal avgjere viktige spørsmål som funksjonsfordeling og sjukehusstruktur, ikkje styra i helseføretaka.

Vi må vise regjeringa at planen byggjer på forelda informasjon, mellom anna om nedslagsfeltet til sjukehuset i Volda. Kanskje det er fornuftig å teikne sjukehus- og føretakskartet på nytt, som følgje av kommunereform og nye kommunikasjonar?

Vi må fortelje at distrikts-Noreg har ein geografi, vertilhøve og kommunikasjonar som føreset god akuttberedskap så nær folk som råd. Ras sperrar vegar, ferjer sviktar, dårleg ver hindrar helikopter i å rykkje ut. Med dei klimaendringane vi ser kome, vil det bli enno viktigare å ha akuttkirurgisk kompetanse på lokalsjukehusa. Med nedlegging av akuttkirurgien i Volda vil det ikkje finnast akuttsjukehus mellom Førde og Ålesund, ein avstand på 240 km.

Og vi må fortelje at det ikkje finst forsking som tyder på at funksjonsdelte sjukehus gjev betre kvalitet. Det finst heller ikkje forsking som seier at sentralisering er fagleg fornuftig. Derimot veit vi at sjukehuset i Volda driv godt, har høg fagleg kvalitet og god rekruttering.

SV vil ha gode, trygge og likeverdige helsetilbod i heile landet. Det handlar om livet og helsa til folk, og om at folk skal kjenne seg trygge på at dei får den hjelpa dei treng når dei treng den. Difor tek vi kampen for å bevare velfungerande lokalsjukehus med akuttfunksjonar, samstundes som vi tek kampen mot privatiseringspolitikken til den blåblå regjeringa.

ELDAR HØIDAL

INGRID OPEDAL

Møre og Romsdal SV