Gjennom femti år har dette veg prosjektet versert i media og dei politiske  miljøa, og ofte har det vore framsnakka som at «no var det like rundt hjørnet».

Som nordøying og i mange år politikar, har eg fått vore på «innsida» av arbeidet med dette store prosjektet, på kommunenivå og fylkesnivå. Eg har vore av dei som hadde eit noko annleis syn på korleis dette prosjektet skulle få si løysing, men trufast mot vedtak i eiga kommune, har eg vald å  stø fleirtalet. No ser det ut til at våre topp-politikarar ser for seg  eit utfall som alt eller ingen ting grunna uoverkomeleg kostnad.

Sentrale aktørar kommenterer dette innlegget – les her

Det har ikkje vanta på løysingar på dette, mest fantasifullt var nok tanken om bompengar i 40 år. Ikkje mykje dårlegare er løysinga ved å auke bompengane til 200 kroner per tur. For folk flest vart vel turen til NAV det neste, og det var vel like greitt ?

Ved ei slik løysing vil ein likevel få knytt saman heile Nordøy–rekkja til ei sterkare eining.

Kor mykje ein vil spare med å setje Løvsøy-brua på vent, har eg ikkje oversyn over, men den ekspertise har samferdselavdelinga og administrasjonen,  men fleire hundre millionar kroner er innsparinga, om ikkje milliarden!

Eg vonar på vegne av mange nordøyingar som no er til å misse motet , at politikarane sluttar med å finne løysingar som einsidig legg byrdene på dei bufaste på øyane ,som td langvarige bompengeperiodar og høg bompengesats.

Eg vil oppmode  fylkespolitikarane no å gå andre vegar for å redusere kostnaden : Del prosjektet opp, set Løvsøybrua på vent, bruk tunnelpåhogga til det dei er tenkt til – bygg tunnellane mellom øyane som planlagt. Då slepp me også at dei stygge såra vert ståande i lang tid - kanskje til evig tid.

Torleiv RogneLongva, tidlegare fylkespolitikar for Sunnmørslista

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

foto
Torleiv Rogne frå Longva har lang erfaring frå fylkespolitikken.