BDO-rapporten som gjer greie for konsekvensane av ei eventuell kommunereversering er klar. Den står fram som veldig negativ med tanke på konsekvensane av at Haram går ut av Ålesund kommune. Den trekk likevel fram viktigheita av lokaldemokrati og at engasjement frå innbyggarar i kommunen i ei mindre kommune kan vere sterkare, og det skal ein ikkje legge for lite vekt på.

Vi ser at innbyggarar i Noreg føler seg mindre sett og høyrt i saker som angår dei direkte, og det skapar folkeopprør. Då er det viktig at vi som politikarar lyttar.

Raudt har ikkje eit anna standpunkt i saka enn at alle kommunar som har vorte slått saman med tvang skal få sjanse til å vise om dei ønskjer seg tilbake til den gamle kommunen. Resultatet av folkeavstemminga er det som er rettleiande for oss. Om folket i gamle Haram går til valurnene og seier at dei ønskjer ei lausriving frå Ålesund kommune, skal vi støtte dette i kommunestyremøtet i mars som skal handsame saka. Om folket i gamle Haram seier dei vil bli, støttar vi det.

For at folkeavstemminga skal gi eit så rett som mogleg peikepinn til oss politikarane som skal ta avgjersla, er det viktig at ein får mobilisert til stemmegjeving, og at folk – anten dei er for eller imot lausriving, stemmer for alternativet dei ønskjer.

Å avgjere ei sak i kommunestyret kvar berre 30 prosent av alle innbyggarar har stemt, og resultatet er lausriving, vil gjere det vanskeleg å ta eit standpunkt for mange politikarar som ønskjer å lytte til folket si vilje.

Mi sterkaste oppfordring er difor: du som er innbyggar over 16 år i gamle Haram – bruk stemmeretten din!