Debatten det siste året har vist at kommunereforma har mange spørsmål. Spørsmålet er om den har mange svar? Korleis er Sunnmøre om 20 år? Vil vi få den same utviklinga med stadig aukande sentralisering både regionalt og nasjonalt? Kva for utfordringar vil vi møte i framtida? Kva skal til for at ungdommane vil kome tilbake til Sunnmøre etter fullført utdanning? Vil dei kome tilbake slik som min familie gjorde etter sju år i Oslo?

Dette er dette kommunereforma handlar om, ikkje kommunenamn, kommunevåpen eller rådhusplassering.

Utviklinga går mot regionar og vi må også vere ein del av denne utviklinga. Skal ein klare å få samferdselsmidlar, sjukehusinvesteringar og lokalisering av statlege arbeidsplassar, må vår region ha ein viss tyngde og stå samla. Politimeisteren skal stasjonerast i Ålesund og det ligg føre planar om ein soningsanstalt på Digerneset.

Det arbeidet Sunnmøre Regionråd har gjort for desse to prosjekta er gode døme på korleis ein framtidig regionkommune kan setje trykk på ulike prosjekt. Det er ikkje nabokommunane som er den «store stygge ulven». Det er den store sentraliseringa til dei store byane – Bergen, Trondheim og Oslo som er, og blir, utfordringa dei komande åra.

Det at kommunegrensene skal vere mest mogleg knytt opp mot vår naturlege bu- og arbeidsmarknadsregion er ein viktig faktor i debatten om kommunereforma. For Skodje er det fleire som arbeider i Ålesund kommune enn i vår eigen kommune. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 882 personar pendlar til Ålesund og 212 til Haram. I tillegg går dei fleste på vidaregåande skule i Ålesund. Likande tal finn ein også for Giske og Sula.

Ein skal vere forsiktig med å spå framtida, men statistikk og prognosar kan peike på klare tendensar. I 2000 var det 81604 innbyggjarar i regionkommunealternativet. I 2015 var talet 94051. Ein auke på 12987. Ålesund har hatt den største veksten, men den samla folkeauken i Sula, Giske og Skodje var større enn Molde kommune. Det viser berre kor stort potensial vi har i vår region. Ålesund er avhengig av kommunane rundt seg for å vekse ytterlegare og bygdekommunane er avhengig av dei tenestene Ålesund har i kraft av å vere ein by.

Eit anna spørsmål er om dagens kommunar vil klare å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft og vil arbeidsplassane vere attraktiv for framtidas unge? I dag ser vi at alle kommunar, med unntak av Ålesund, har for små fagmiljø innan dei fleste område. Skodje er medlem i rundt 20 lovpålagde interkommunale samarbeidsorgan og selskap, og det gjeld også for mange av dei andre kommunane. Alderssamansetjinga er ein indikator på kva for utfordringar vi vil få i framtida.

Berre Giske, Skodje og Sula vil ha meir enn tre personar i yrkesaktiv alder per pensjonist i 2040. Då er eg 72 år. Ein framtidsretta regionkommune vil difor ha dei beste føresetnadane for å møte rekrutteringsutfordringane til dei som etter kvart skal «stelle meg». Det er dette reforma handlar om.