Det fell meg vanlegvis lett å skrive eit avisinnlegg. Denne gongen har eg funne det langt meir krevjande. Orda kjem ikkje lett – og er vanskeleg å finne.

Eg synest det er viktig å kjempe for at ingen skal oppleve mobbing og trakassering på grunn av seksuell legning eller identitet.

Alle menneske treng å kjenne seg respektert for den dei er.

Samstundes meiner eg det er relevant å sjå nærare på kva Priderørsla står for – og då kjem det fort fram at dei ønskjer radikale endringar når det gjeld familie og barn.

Vi kan nemne surrogati, anonyme egg- og sæddonorar, (til og med polygami) og vaksne sin «rett» til å få barn.

Psykologspesialist Marit Bruseth sitt balanserte og grundige innlegg i Sunnmørsposten i førre veke er verdt å lese. Ho meiner vi langt på veg er i ferd med å skape eit samfunn «der vaksne sine behov trumfar barna sine behov på viktige område».

Eg er fullt klar over at mange som er heilt på linje med Marit Bruseth likevel finn at dei vil delta i Pride – fordi dei kort og godt vil vise solidaritet med andre menneske.

For min del handlar denne saka om eit større bilde, der konflikten mellom barn og vaksne sine behov står sentralt.

Eg trur det er eit heilt grunnleggande behov for barn å kjenne sitt opphav og ha ein relasjon til både far og mor i den grad det er mogleg.

Barna har ingen sjanse til å kjempe for denne retten dersom den vert oversett av vaksensamfunnet. Vi må ikkje – i toleransen sitt namn – lage lover som går på tvers av FN sin barnekonvensjon.

Eg meiner organisasjonen Fri nettopp frontar ei slik tenking der vaksne sine rettar går framfor barna sine rettar.

Det er bakgrunnen for at eg uteblir frå Prideparaden.

Tore Johan ØvstebøVaraordførar i Ålesund (KrF)

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Tore Johan Øvstebø, varaordførar i Ålesund (KrF). Foto: Staale Wattø