NTP og eit misunneleg Ap

Dagens Frp-Høgre-regjering i samarbeid med KrF og Venstre har lagt fram ein Nasjonal Transportplan som er tidenes beste for Møre og Romsdal.

Arkivfoto: Staale Wattø 

Leserinnlegg

Alle dei store prosjekta på riksvegane våre som fylkestinget i år etter år har sett på topp, vert no realisert med Frp i regjering og med Ketil Solvik-Olsen som samferdselsminister.

Jubelen stod i taket då det no endeleg vert sett i gang arbeid på E39 Betna-Stormyra, eit kjempeprosjekt til 2,1 milliard kroner.

Like stor jubel vart det då heile E-136 frå Lerstad i Ålesund, Ørskogfjellet og dei lenge etterlengta prosjekta i Romsdalen kom på plass. 3,4 milliardar til desse tiltaka er ikkje akkurat «småpengar».

Som om ikkje dette var nok, kom også Stad skipstunnel på plass. Inga anna regjering har med andre ord levert det Møre og Romsdal har bede om i ein Nasjonal Transportplan.

Parti etter parti, organisasjonar og folk flest jublar for tidenes NTP. Så kjem Ap og Else-May Botten med den suraste kritikk: «er ikkje noko nytt og anna svada». Er ikkje noko nytt nei? Det har Botten heilt rett i.

Ho burde vite det betre enn dei fleste etter åtte år med raud-grøn regjering med Ap og Botten i spissen. Ikkje eit komma av det som no vert lagt fram av dagens regjering, klarte Ap å få på plass av desse prosjekta som har stått på «vent» i fleire tiår.

Slik surmaga kritikk er direkte pinleg å høyre på, og ikkje anna enn direkte småleg.

Nei, Else May Botten og Ap, lær av til dømes Sp sin Kristin Sørheim, som set seg inn i samferdsel og faktisk skryt i lag med oss andre samferdselspolitikarar i fylket av dagen regjering og KrF/Venstre sin NTP.

Heldigvis vil eg aldri få sjå slik surmaga kritikk frå din partikollega Jon Aasen, han held seg for god til slik.

Vi som arbeider for samferdsel, veit kva som er lagt ned av innsats for å få dagens NTP på plass, blant anna av eit samla fylkesting og eit godt tverrpolitisk samarbeid i til dømes samferdselsutvalet.

Det er gjennom samarbeid vi får resultat, ikkje urettvis kritikk slik du framfører, Else-May Botten.