Historikar Aud Farstad:

«Ålesund er ikkje ein bokmålsby»

Det er trist å lese at Terje Storm Unhjem har mist oppvekstspråket sitt på grunn av ein skade, slik han skriv om i Sunnmørsposten 15. mars.

SPRÅK Ålesund kommune er ikkje berre språknøytral, den har òg svært mange nynorskbrukarar. Arkivfoto: Roger Engvik 

Eg vil oppmode foreldre om å forlange nynorskopplæring for barna sine

Aud Farstad. 

Leserinnlegg

Likevel kan ein slik spesiell enkeltlagnad ikkje gje grunnlag for prinsipielle val om språk i den nye storkommunen, slik det verkar som om han argumenterer for. Det kan ikkje vere slik at enkeltlagnadar skal vere retningsgjevande for avgjerder i demokratiet.

Vi har alle spesielle problem og utfordringar.


Leserinnlegg om målform:

«Nei til språkdiktatur»

 

Stort sett er vi nøydde til å finne personlege løysingar på dei, eller få hjelp til å løyse dei.

Innlegget til Unhjem er eit sterkt kjensleutbrot, men der er få argument for kvifor storkommunen ikkje skal ha nynorsk som administrasjonsspråk.

Det er til dømes vanskeleg å forstå at han meiner Ålesund kommune skal halde fram med å vere «nøytral», dersom han altså slett ikkje kan lese nynorsk. Det er jo i denne «nøytrale» kommunen at han har fått kontrollutvalsboka på nynorsk, noko han meiner han ikkje kan lese.

Den «nøytrale» kommunen har for ein gong skuld gjeve representantane noko på nynorsk, slik kommunen bør som språknøytral, og slik Unhjem vil at kommunen skal halde fram å vere. Kva er då problemet?

Elles meiner Unhjem at Ålesund med sine over 45.000 innbyggarar ikkje kan bli tvinga til å skrive nynorsk av kommunar som ikkje er like store i folketal.

Etter mitt syn er dette heller ikkje eit haldbart argument. For det første er ikkje Ålesund ein bokmålsby.

Ikkje berre er byen administrert som språknøytral, men den har òg svært mange nynorskbrukarar. Det er framleis 630 av dei 4.842 elevane i grunnskulen som har nynorsk som opplæringsmål. Dette trass i det massive presset mot nynorsken som det har vore sidan den største nynorskkommunen i fylket, Borgund, vart slukt av Ålesund for femti år sidan.

I min familie er det fem av åtte søsken som har hatt nynorsk som opplæringsmål – i Ålesund. Eg er forresten ikkje ein av dei. I tillegg har foreldra mine budd nesten alle sine 87 år i Ålesund. Begge skriv nynorsk.

Eit anna poeng er at Ålesund er ein tilflyttingskommune. Svært mange av innbyggarane kjem frå nynorskkommunar og har hatt nynorsk som opplæringsmål. Kor mange dette er trur eg aldri nokon har funne det interessant å granske, men det må vere mange tusen.

Det er mi røynsle at bokmålsfolk ofte er fanatikarar samstundes som dei trur dei er i sin gode rett. Dette er typisk for nokon som har makthegemoni. Sjå berre på bokmålsfolka når dei kjem i nynorskland, slik som no i Giske kommune. Sjølv om innflyttarane godt veit at dei flyttar til ei nynorskkommune, så kjempar fleire for å få opplæringa for barna sine på eit mål som ingen andre i kommunen har.

Nynorskfolk vil med langt større rett kjempe for opplæring i sitt eige mål i den såkalla språknøytrale kommunen Ålesund. Likevel er det eit fåtal av dei som krev nynorsk for barna sine. Eg har sjølv gjort den feilen. Alle dei fire barna mine har i deler av skulegangen sin, ein av dei i heile fem år, gått på skule i nynorskland, men når vi flytta attende til Ålesund har eg ikkje kjempa for at dei skulle få gå i nynorskklasse. Det angrar eg på.

Eg vil oppmode foreldre om å forlange nynorskopplæring for barna sine. Det er ein fordel for dei både når det gjeld språkkompetanse og når det gjeld framtida deira i yrkeslivet.

Som Unhjem er eg fødd i noverande Haram kommune. Det same er foreldra mine. Det er ein stolt gammal nynorskkommune. Haram innførte nynorsk opplærings- og administrasjonsmål i 1893, som den tredje i landet og den første i Møre og Romsdal.

Dei har no hatt nynorsk i mange generasjonar. Eg er stolt over å kome frå ein slik føregangskommune, og var eg innbyggar i Haram i dag ville eg ha vore svært skeptisk til å bli tvangsgifta med Ålesund.

Lagnaden til Borgund kommune viser kva som kjem til å skje når ein slår seg saman med ei arrogant bykommune.

Språk er meir enn administrasjon. Det er kultur, røter, identitet og kjærleik.

Unhjem er Frp-ar. Sjølv om det finst fine unnatak, som til dømes landbruksministeren, undrar eg meg ofte over at eit parti som er så oppteken av det norske, ofte syner så lite forståing for det mest sentrale av alt for den kulturelle identiteten, språket.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.