I media er det tale om «nye Ålesund», men dette blir vel aldri namnet.

Vi har jo Ny-Ålesund på Svalbard frå før... Og då blir det Ålesund, sjølvsagt, eller kanskje ikkje?

Ålesund

Sundet mellom Nørvøya i aust og Aspøya i vest heitte og heiter enno Ålesundet. I andre halvdelen av 1500-talet vaks det opp ein bylik tettstad på begge sidene av sundet, ein strandstad, der det budde kjøpmenn (borgarar), handverkarar, fiskarar, losar og sjøfolk.

Ålesund kom opp som følge av den omfattande trelasthandelen på Sunnmøre i tida 1540-1640, og kanskje også gode torskefiske i dette hundreåret. I midten av 1640-åra var det slutt på både furuskog og torskefiske på Sunnmøre.

Ålesund sine rike og velståande storborgarar gjekk inn i skuggen og folkemengda sank frå kring 500 til 200 eller færre.

Kring 1800 budde 300 menneske i strandstaden, færre i 1815, men kring 3000 i 1860. På den tida slutta Ålesund å vere anna enn ein flugelort på kartet.

Borgund

Meir enn 500 år før hadde Sunnmøre sin eigen kaupstad, Borgund, og før Manndauden i 1349 kan denne byen ha hatt ei folkemengd på kring 3000.

Der Ålesund i 1860 enno var ein norsk småby, var Borgund anno 1349 ein av dei største byane i den tids Norge, mindre enn Bergen, men større enn både Oddevald (Uddevalla), Borg (Sarpsborg), Oslo og Stavanger, omtrent på linje med Tønsberg og Trondheim.

Byen Borgund er sagakjent, og det er ingen tvil om at han fanst seinast på 900-talet. På vestsida av Katevågen er det funne mengdevis av kristne graver frå sist på 900-talet, ei kjensgjerning som er prøvd gøymt i lange tider.

Kaupstaden Borgund

Ei rettarbot frå 1384 viser at det enno var liv i kaupstaden Borgund, sunnmørsbyen, men at tidene var vanskelege. Det var også liv i Veøy, romsdalskaupstaden, men lofotkaupstaden Vågan var det ute med, for borgarane av Bergen skulle frå denne tid ta over oppgåvene til kjøpmennene i Vågan, som må ha forsvunne.

Det hadde vore pest, og Den litje istida, som sette inn seinast i 1340-åra, må ha gjort omtrent reint bord.

Enno i året 1400 budde borgarar i Borgund, og kanskje enno meir enn hundre år seinare, men i 1580-åra må heile kaupstaden ha gått under, for i 1587 blei den siste av dei tre-fire bykyrkjene lagt ned, Margretekirka. På dette tidspunktet var det allereie eit yrande handelsliv i Ålesund.

What’s in a name?

Alle veit kor Giske er, alle veit at Giske er ei lita, flat øy i havgapet nordvest om Ålesund. Svært få veit at Giske var ei svært fruktbar øy, og nesten ingen veit at namnet «Giske» var knytt til den rikaste og mektigaste adelsætta i Norden gjennom 600 år, kall ho Giskeætta, Arnungane eller Arnmødlingane.

Så «Giske» var langt, langt meir enn øya, det viste til sagakjent herresete og eit nær endelaust og digert jordegods, hundrevis av gardar med tusenvis av bønder, over stordelen av Vestlandet, Nord-Norge og Vesterhavsøyane.

Kva med Borgund?

I dag er Borgund nesten ingen ting, omfattar kanskje berre det vi kallar Borgundgavlen eller Borgund prestegard samt Sunnmøre Museum.

På ein liten del av prestegardsmarka ligg det som er kalla Borgundkaupangen, meir eller mindre under jorda. Kaupangen? Kaupstaden Borgund er aldri omtalt som ein «kaupang», dvs. ein stad der det stundom blei drive marknadshandel.

Nemninga «Borgundkaupangen» er ein moderne konstruksjon, eit påfunn av bergensarkeologar med nordlendingen Asbjørn Herteig i spissen. Det dei fann gjennom mange års utgravingar i Borgund var nok meir enn dei hadde forestilt seg, nemleg ein stad som kunne gjere Bergen rangen stridig som eldste kaupstad på Vestlandet ...

Novel. Dei prøvde å redusere Borgund til ein kaupang, men fekk det ikkje heilt til. Forsøket verkar i dag meir patetisk enn vondsinna.

Frå borg til Borgund

På norrønt tyder «borg» rett og slett «by». Endeleddet «-und» er forsterkande. Sarpsborg sitt gamle namn var Borg, og dét kan også Borgund ha heitt, først. Men så kom endeleddet til, og då blir tydinga «ein større by». Alt dette har stadnamngranskarane oversett.

I høgmellomalderen var det helst fem steinkyrkjer i kaup-staden, og i alle fall fire av dei marmorkledde: Peterskirka, Mattiskirka, Kristkirka og Margretekirka. Peterskirka utgjør i dag nord-sør skipet i Borgund kyrkje. Margretekirka sin grunnmur ligg enno synleg nede ved Klokkarsundet.

To kyrkjetufter ligg under tunet i dagens Borgund prestegard. Tufta til ei femte kyrkje ligg nedanfor og aust om Tinghaugen, på eit lite platå over Katevågen.

Frå Borgund til Borgund

I mellomalderen var Sunnmøre ei sysle, eller eit fylke, som blei styrt av ein syslemann. I tillegg ser kaupstaden Borgund ut til å ha vore ei eiga sysle. Sunnmøre var delt i Sørluten og Nordluten, og kvar lut hadde ein indre del og ein ytre. Slik: Sørluten bestod av prestegjelda Herøy og Halkjelsvik (Volda), kvart med si hovudkyrkje, og Nordluten av prestegjelda Borgund og Ørskog.

Borgund prestegjeld utgjorde fjerdedelen av Sunnmøre og omfatta fire skipreide (samt kaupstaden sitt) og temmeleg mange kyrkjesokn: Skodje, Vatne, Haram, Roald (Vigra) og det vi kan kalle hovudsoknet Borgund, som må ha vore Peterskirka sitt sokn.

I kaupstaden var det i tillegg kanskje fire kyrkjer, kvart med sitt sokn. Kyrkja på Giske hadde snautt eit eige sokn, dét var ei privatkyrkje.

Kor blei Borgund av?

Grovt rekna stod dette digre Borgund prestegjeld ved lag til 1837 (Haram sokn var blitt eige gjeld midt på 1700-talet). I 1837 skjedde følgande: Ålesund blei eiga kommune (enno kirkelig under Borgund) og resten av Borgund like eins.

Dette Borgund frå 1837 bestod i mange år, i grunnen like til 1968, då kommunen blei innlemma i Ålesund (dette er berre kortversjonen).

No er det altså ikkje noko Borgund igjen, politisk-administrativt, kanskje berre kirkelig og ikkje så viktig.

Er Borgund enno liv laga?

Den nye storkommunen «nye Ålesund» skal/kan bestå av dei eldre kommunane Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund. Sandøy har aldri høyrt til Borgund, heller ikkje Ørskog. Kommunane Sula og Giske (alle før i gamle Borgund) vil ikkje vere med.

Kva kan den nye kommune heite? Eg tenker på Borgund, men gudane må vite...