Ytring om kloakkanlegg-planer på Kvasneset i Sula:

«Stans forureininga av Storfjorden»

Det var vondt å lese det som var skrive i Sunnmørsposten onsdag den 7. februar om det planlagde kloakkanlegget på Kvasneset.

I FJORDEN: Ålesund og Sula kommuner møter protester mot planene om å slippe rensa kloakk ut i Storfjorden ved Kvasneset.  Foto: Staale Wattø

Leserinnlegg

Kloakk frå 70.000 menneske skal «reinsast» for så å gå i rør ut i Storfjorden.

Det er nesten utruleg at folk vil gjere slikt mot grannane sine. Eg forstår så godt motviljen og fortvilinga hjå folket som bur i nærleiken, og som no skal få dette velta innover seg. Eit fredeleg og godt bygdesamfunn vil bli øydelagt for framtida. Det er så vanskeleg å forstå at styresmaktene i Sula og Ålesund kan finne på å planlegge noko slikt.

Men det er ikkje berre folket på Kvasneset som blir skadelidande. Vi som bur på sørsida av Storfjorden vil også bli hardt råka. Sjølv om det blir hevda at fjorden her eignar seg godt for eit slikt stort utslepp av kloakkvatn, så er det langt frå rett.

Det vitnar om manglande kunnskap. Både miljøet for dei som bur her i området og fisket i fjorden vil bli hardt skada av dette.


Indre bydel i Ålesund:

Kloakkplan på Kvasneset bekymrer

Frykter miljøet får lide om renseanlegget bygges.

Eg er no ein eldre mann på 90 år, og eg har vore med på fiske i fjorden her alt frå barneåra. Vi brukte ulike slags vegn, men mest garn. Og fiskeplassen var for det meste ved Kursetneset der vi har naustet vårt. Frå krigsåra 1940–1945 og fleire år seinare kunne vi bruke garna dagleg gjennom heile veka til laurdag då dei vart hengde til tørk ved naustet. Garna var alltid reine, utan teikn til forureining. Fjorden var rein og fri for kloakk. Fisken som kom inn gjennom Breisundet var framifrå god.

Men i den seinare tid har vi fått merke ei stor forandring. Etter at dei store byggefelta på nordsida av fjorden kom, fekk vi kjenne vond lukt både frå sjøen og garna. Det lukta kloakk, og det vart stadig verre etter som utbygginga heldt fram. Så fjorden er ikkje så rein som han var før.


Også steinane i fjøra er merka av denne forureininga. Dei har fått eit illeluktande belegg som vi ikkje visste noko av før. Dette kjem av at reinseanlegga ikkje er gode nok. Dei kan nok skilje ut slam og andre ting, men både giftstoff og bakteriar vil gå fritt ut i sjøen og bli verande der for all framtid.

Eg er no så gammal at eg har sett båten i naustet for siste gong. Men eg tenkjer ofte på dei yngre som har busett seg her, og gjerne vil bruke fjorden og områda her til trivnad for seg og sine. Det vil bli lite triveleg å fiske i kloakkvatn – og ete fisken som ein får i den forureina fjorden.


– Et sted må dette anlegget ligge, og vi mener at Kvasneset er det beste alternativet

– Sula har kniven på strupen. Vi er den ene av to kommuner i landet som ikke har godkjent utslippstillatelse.

Sjølv om fjorden er mykje forureina no, så bør ein ikkje gjere skaden endå verre.

Eg trur at mange her vil støtte folket på Kvasneset i kampen for å berge miljøet i heimefjorden.

Når ein kan legge røyrleidning for olje og gass gjennom havet til England, skulle det vere mogleg å legge rør for kloakk ut til djupare område utanfor kysten vår også.