Regionreforma er ein stor og kompleks prosess der tankar og meiningar frå ulike personar er viktig for at vi skal sitte att med eit godt resultat.

Innbyggjarane i dei to fylka Sogn og Fjordane og Hordaland sit alle på ulike tankar og meiningar rundt prosessen medan politikarane jobbar for at samanslåinga skal gå knirkefritt.

Tidlegare var det namnet på fylket som skulle veljast og no er det fylkesvåpenet.

Fylkesvåpenet er eit symbol på ein del av identiteten vår, og av den grunn skal og ynskjer vi ungdommar å bry oss om dette.

Mange ungdommar kan gje uttrykk for at heimstaden er liten sett i det store biletet, og at dei ynskjer å flytte vekk til større stader. Dette betyr likevel ikkje at ungdommane ikkje bryr seg om kvar dei kjem ifrå, og kva fylke dei bur i. Identitet står sterkt hos mange, også hos dei fleste ungdommar.

Uansett alder vil staden ein kjem ifrå vere ein stor del av identiteten.

Sjølv om vi kan verke likegyldige i mange saker, er det visse ting som er viktige for oss også.

I slike prosessar der ein heimstad skal slåast saman med ein annan og eit nytt fylkesvåpen skal dannast, er det ikkje rart vi ynskjer å delta.

Gjennom oppveksten har identiteten vår vorte forma ut ifrå heimstaden og fylket vårt. Fylkesvåpenet er eit symbol på fylket vi bur i, og dermed har det også vorte eit symbol på ein del av identiteten vår.

Fylkesvåpenet representerer heimstaden vår, miljøet vi har vakse opp i, det geografiske rundt oss og det historiske som kjenneteiknar fylket.

No skal det lagast eit nytt fylkesvåpen som skal representere fleire ulike miljø, eit større geografisk område, meir historie og mange fleire innbyggjarar.

Fylkesvåpenet blir ikkje større av den grunn og kan ikkje ta for seg like mykje av identiteten til innbyggjarane i dei ulike fylka som det har gjort til no. Men vi kan vere med å påverke til at vi får med det viktigaste frå begge fylka, slik at ein også i tida framover kan føle den same tilknytinga og stoltheitsfølelsen når ein ser fylkesvåpenet.

Ungdommen bryr seg om kva fylke dei bur i, og dette i like stor grad som dei eldre. For det er ikkje slik at identiteten til ein person blir styrka med tida. Det er kanskje difor ein del av oss er usikre eller i mot samanslåinga, fordi vi er redd for å gå i møte med det større og ukjente i frykt for å miste ein liten del av identiteten vår.

Det er vemodig å gje slepp på ein del av identiteten sin, noko som også gjer til at det er endå viktigare å delta og påverke gjennom heile prosessen. Når samanslåinga er ferdig ynskjer vi at det nye fylkesvåpenet skal representerer begge fylka i like stor grad, og at det eine fylket ikkje blir meir dominerande enn det andre.

Vi ungdommar set utruleg stor pris på å bli høyrde og tenkjer det er særs viktig at ungdom blir inkludert i slike store saker som angår alle innbyggjarar, men også i mindre saker som på ein eller anna måte angår ungdom.

Val som blir gjort i dag vil påverke liva våre i alle år framover.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune