Ordførarane låg på kne og tilhøyrarane jubla. No skal det bli kultur til folket, velfylte ostediskar i butikkane, vinmonopol med eksotiske vinar, kinoar med skinnstolar og skjenkeløyve, kaffibarar med mjølk i kaffien, sykkelvegar for dei spreke, bompengar og parkeringsproblem for dei late. Helsesenter med mange og toppkvalifisert personell for alle plager.

Dette skal vi få i alle dei nye storkommunane.

At utkantane ikkje blei borte med nye kommunar er ikkje noko å bry seg om. Folk får flytte eller reise dit tilboda er.

Vi var så fattige i Noreg for 70 år sidan når krigen var slutt og landet låg i ruinar at vi hadde råd til å satse på utbygging av heile landet.

Det var ein nasjonal verdi at heile landet skulle takast i bruk og folk skulle få tilfredsstillande tenester der dei budde. Tenester skulle bringast ut til folk der dei budde. No skal folk flyttast dit tenestene er.

Distriktspolitikk har vore eit av dei mest sentrale tema i norsk politikk i vel 70 år. No gjeld det storbypolitikk. Får ein status som «storby» kjem det ekstra pengar frå regjeringa for å løyse dei problema tilstrøyminga av folk har skapt.

Det kan nok vere semje om at den distriktspolitikken som har vore ført, ikkje har hatt den effekten som ein håpa på. Men i staden for å resignere, må ei tenkje nytt. Og det gjeld ikkje berre landbrukspolitikk, men næringspolitikk generelt. Blei det gjort ei meiningsmåling, så trur eg at ein både blant så vel borgarlege liberalistar som indoktrinerte økonomar ville finne eit fleirtal for at det burde bu folk i distrikta.

Men det er ikkje enkelt når skulane og helsetenestene er milevis unna, posten er borte, butikkane lagt ned og bussar eit sjeldant syn

Statistisk sentralbyrå har ei gruppering av kommunane frå dei minst til dei mest sentrale. På Austlandet klager ein over at folk reiser til Sverige på handleturar. Landet og handelsnæringa tapar milliardar på turane.

Kvifor ikkje la bensinstasjonar og forretningar i dei mist sentrale kommunane får selje bensin utan drivstoffavgift og forretningane varer utan moms.

Då vil vi kunne får «harryturar» til forretningar og bensinstasjonar i mange avkrokar i landet.

Vi vil både kunne halde «svenskehandelen» innanlands, gjere denne tilgjengeleg for heile landet, spare milliardar i handelslekkasje til nabolandet og gi distriktskommunane ei skikkeleg vitamininnsprøyting.

Kutta ein så ut selskapsskatten på verksemder i dei same utkantane vil dei snart kunne få eit tenestetilbod som kan måle med dei sentrale områda.

Mykje handlar om bilen. Ei velsigning og nødvendigheit for dei som bor i distrikta. Utan bilen ville utkantane i Noreg vore avfolka. Men den er ein pest for miljøet i byane, og ei plage for politikarane som stadig må finne meir pengar til breiare vegar, nye tunnelar og fleire parkeringsplassar.

Når bilen er eit problem i sentrale strok så kan ein gjere det dyrare å bruke den der. Der kan og bør folk nytte både tog, trikk og buss.

Pengane ein får inn på auke prisen på bilbruk i sentrale kommunar kan så overførast til utkantkommunane slik at dette kan vere med på å halde oppe busettinga.

Kommunereforma er den noverande regjeringa sitt største prestisjeprosjekt. Men utkantane blir ikkje borte om dei kjem inn i ei større kommune. Det mest sentrale argumentet for større kommunar var eit betre tenestetilbod.

For å få dette til måtte ein sentralisere og skape større fagmiljø. Skal denne intensjonen realiserast, og det framleis skal bu folk i utkantane, må kommunikasjonane byggjast ut slik at folk når i desse tenestene på rimeleg tid.

Dette må vere eit sentral oppgåve både for regjering og kommune. Når vi no får ei så flott storkommune, der alle skal få det betre, så er det ikkje meir enn rett og rimeleg at «Nye Ålesund» er med på å finansiere Nordøyvegen som igjen er i økonomiske vanskar.

Det må vere det viktigaste vegprosjektet i «Nye Ålesund», og ein føresetnad for at den nye kommunen skal levere det politikarane har lova til alle innbyggarane i kommunen.

Så får heller Brosundtunellen setjast på vent.

Karl J. Skårbrevik. Foto: Roger Engvik