I mange år har vi, dessverre, vore nøydde til å nytte oss av Pasientreiser. Når vi sender inn våre krav, er det som oftast eit eller anna som manglar, slik som billettar, attestar, legeerklæring o.l.

Det er vanskeleg for dei tilsette i Pasientreiser å forstå at må du bruke ferje/båt ein veg, så må du nytte det også på heimreisa. Eg høyrer ofte folk seier at dei ikkje orkar å sende inn sine krav, dersom det er mindre beløp. Det er oftast meir irritasjon og arbeid enn det er lønnsamt.

No synest eg det er på tide at folk får vite korleis det er for oss som har kronisk sjuke i heimen, og korleis det er når ein må nytte denne tenesta.

11. desember 2017 skulle min mann til undersøking på Rikshospitalet. På grunn av helsesituasjonen er han avhengig av følgjeperson på slike reiser. Eg skulle vere med som hans følgjeperson. Vi måtte reise 10. desember, og skulle etter planen heim anten ein eller to dagar etter. Men så fekk han høg feber og blei ganske dårleg, og han vart innlagt på Rikshospitalet. Som følgjeperson måtte eg då bu på sjukehushotellet. Etter eit par dagar ringde vi Pasientreiser og spurde om dei ordna med billett til meg, frå Oslo til Ulsteinvik, og når han var klar for overføring til Åse sjukehus ordna med billett frå Ulsteinvik til Oslo, slik at eg kunne vere følgjeperson på heimturen. Vi fekk da beskjed om at eg berre skulle bli der til han vart så frisk at han kunne reise tilbake til Ålesund sjukehus. Slik blei det.

Etter ei tid sende vi våre krav til Pasientreiser med ei erklæring frå Rikshospitalet der det stod at eg skulle ha alle mine utgifter dekka. Stor var vår forundring då vi fekk svar. Eg fekk dekt hotell for ei natt, pluss kostpengar for eit døgn. Sjølvsagt klaga vi, først ein gong, så ein gong til, tredje gongen vert klaga automatisk sendt til fylkesmannen i Møre og Romsdal, men svaret der er også nei.

Vi burde eigentleg forstå at vi fekk det svaret, for Rikshospitalet seier at pasientreiser her er blant dei vanskelegaste i heile landet. Vi fekk også vite at det eigentleg er Rikshospitalet som skal dekke desse utgiftene, men å finne rette vedkommande der er ikkje enkelt.

Til andre som kjem ut for liknande, vil eg seie at ringer du Pasientreiser, noter då namnet til personen du snakkar med. Eg veit i alle fall at kjem eg ut for det same ein gong til, så forlanger eg at Pasientreiser ordnar billett til heimreise for meg, og ny reise tilbake til sjukehuset til heimturen for pasienten. Denne turen kosta oss dyrt, men no har eg lært.

Nei, takke meg til den gongen vi hadde trygdekontor i kommunen. Då kunne vi snakke med folk og komme fram til ei ordning som alle var tent med.

Eg lurer på om Pasientreiser er der for å hjelpe sjuke og pårørande, eller om dei sit der berre for å heve si eiga lønn. Hjelp er det i alle fall ikkje lett å få, og reglane deira er det mange som stiller seg undrande til.

Jorunn Ågot BergsethUlstein