Etter mange års planlegging er det klart for bygging av Basecamp Hotel på Hellesylt. Det gamle hotell Grand står for fall og eit ytterst spesielt hotell skal plasserast på kaiområdet, nokre få meter over havoverflata. Snøhetta har henta fram ein kreativitet ut om det tradisjonelle.

Sidan det er brukt lang tid til planarbeidet, må vi rekne med at alle omstende er grundig drøfta. Det synest som at det er full støtte og semje om at hotellet skal opp. Utbyggaren får vel i desse dagar varsel om at planane er endeleg godkjende.

Kva har hendt siste åra som har endra problemstillinga så radikalt? Kva nye opplysningar er vurderte som gjer at skræmebiletet som vi har fått prenta inn til gagns gjennom mange tiår, nå er borte? Vi veit at det ligg føre alarmopplegg som skal varsle folk om kva som kjem i løpet av dei neste minutta. Det blir drilla i evakuering av folk. Ein reknar med at det er berre få minutt som er til disposisjon om ein skal redde livet. Di nærare ein bur, di mindre er bergingsvona.

Reportasje om Åkernesremna: Fjellet som trugar

I Sunnmørsområdet har ein fått avslag på byggesøknader av tiltak som ligg vesentleg høgare over havflata enn sentrum på Hellesylt fordi raset frå Åkerneset kan øydelegge bustader m.m. I Norangsfjorden – ei sidegrein til Hjørundfjorden som igjen er ei sidegrein til Storfjorden – kanskje så langt som 12-14 mil frå Åkerneset – er denne grunngiinga brukt og dermed er prosjekta stoppa.

Eller har Snøhetta konstruert hotellet slik at det skal fungere som ein bølgjebrytar og med det verne resten av Hellesylt sentrum? Her ligg nokre spørsmålsstillingar som eg meiner vi har grunn til å få vite meir om frå dei som no veit betre. Då kan vi og sove betre…

Per Urke Ålesund