«Kommentaren er fri, men fakta er heilage», sa redaktøren av The Guardian, C.P. Snow. Sportsredaktør Helge Skuseth har ein kommentarartikkel i Sunnmørsposten tysdag 11. desember: «Den blytunge høsten som ødela alt». Her skurrar det. Ja, Skuseth, kvar gjekk det galt for AaFK? Skal ansvaret hengast på ei drakt eller ein dress?

Eg har ikkje svaret. Men eg trur eg veit noko om kva som ikkje er svaret.

Alle veit at om AaFK hadde skåra eitt mål eller unngått eitt mål i enkelte kampar i løpet av sesongen, ville opprykket ha vore sikra. Så dette med å forklare kvifor ikkje laget i vårt hjarte igjen er å finne i Eliteserien, er ei vanskeleg oppgåve. Ein syndebukk? To-tre? Tilfeldigheiter? Dommaravgjerder?

AaFK tapte opprykket nærmast på målfoto etter ein sesong med heile 59 poeng og 58-31 i målskilnad. Alle andre år er dette ein kjempesesong. Så skriv Skuseth om tida etter at AaFK byrja tape i haustsesongen: «Men så forsvant Sandnes med sjukdom, og Tkalcic ble aldri en god nok erstatter. Dermed ble Jørgen Hatlehol, som er høyrebeint så det holder, plassert på venstre vingback, og det er definitivt IKKE hans plass. Innleggene fra venstrekanten forsvant, og målene tørket inn.»

Forklaringa på det skarve poenget eller målet som skilte AaFK frå opprykk, skal andre med meir greie på fotball enn meg få stå for. Det er djupt urettvist og har ikkje støtte i fakta å fordele ansvar på ein så lettvint måte til unge spelarar som Skuseth gjer her. Om kommentaren er fri, så er fakta heilage.

Arnt-Ove Tenfjord Eidsvik

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.