Lesarinnlegg om Engesetraset:

«Måtte vite om fonnfare»

Eg har fylgd litt med i 40-årsmarkeringa av storraset på Engeset, Ørsta. Eg reagerer litt på ansvarsfråskrivinga som ligg i titlar som at ingen kunne tru det kunne gå ras der.

Engesetraset: Det er 40 år sidan Norges største snøskred ramma Ørsta. 

Ytring

Vi oppsitjarar visste om rasfaren, og vi snakka om det. Men av og til veit byråkratar og andre betre enn folkepratet. Eg veit ikkje nøyaktig når det sist gjekk ras der, men rundt 1910. (Tanta mi, Ragna M. Engeset, fortalde ho gjekk forbi fonna på veg heim frå skule. Ho var fødd i 1900, så altså gjekk det raset ein gong mellom hausten 1907 og våren 1915. Ho nemnde og Leirhaugen i samband med det raset – altså om lag der Asko no ligg).

Les reportasjen her: 40 år sidan Norges største snøskred ramma Ørsta

Det var rett nok ei anna type ras, ei vassfonn. Eit snøras hadde gått ned i elva og demma den opp, og så kom mengder av vassfylt snø og vatn nedover etter at vassmengdene bygde seg opp. Ei slik fonn ville neppe teke liv, men kunne sanneleg skada hus og fylt kjellarar.

Men det er eit punkt til: Utmarksstykka som grensar til dyrkamarka som var teken til byggefelt, heiter Fonna. Og ein skal ikkje vera mykje til innfødd ørsting for å veta kva ordet fonn fyrst og fremst tyder på våre kantar: Snøras. Dette var eit av poenga vi oppsitjarar sporadisk prata om – kvifor ikkje «Rådhuset» reagerte på det namnet?

Som barn var eg nysgjerrig nok til å spørja mi nemnde tante, som var lokalhistorieinteressert, om kvifor beiteområdet heitte Fonna? Det gjekk då aldri fonn der? Då svara ho at det gjorde det ein sjeldan gong, etter kva «gamalt folk» hadde fortalt. Dette i tillegg til nemnde vassfonn.

Noko eg sjølv ikkje har greidd å gløyma, er at eg skreiv eit lite innlegg til Mørenytt om rasfaren i det byggefeltet. Redaktøren svara et dei ikkje ville ta det inn, «for vi vil ikkje skremme folk». Tilfellet ville at det var sumaren eller hausten før storskredet gjekk. Kan henda høge herrar så mange stadar på Vestlandet – og andre stadar, bør hugse at også gamal kunnskap kan vera kunnskap – om slikt og anna.

Martin A. Engeset
Ørsta

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.