Men denne gongen er det fullt forståeleg at dei protesterer, og seier nei til vidare samarbeid med Helse Møre og Romsdal.

Gjennom nedleggingar i føde- og rehabiliteringstilbodet har Nordmøre endå ein gong blitt taparar i ein sjukehuspolitikk ute av kurs.

Sjølvsagt ønskjer verken direktøren eller styret i Helse Møre og Romsdal eit dårlegare helsetilbod i fylket. Dei er sjølve fanga både i ei systemfelle og ei økonomisk felle, underlagt både Helse Midt-Norge og helseministeren. Deira alternativ er å trekkje seg.

At helsetilbodet blir svekt er alvorleg. Men det er også alvorleg at sjukehusstyra, både i Møre og Romsdal og i Midt-Norge i praksis grip inn i fylkespolitikken. Helseføretaka og deira strategiar og vedtak svekker Møre og Romsdal, og har kraft i seg til å sprenge fylket. Nettopp det er det nok fleire som kan ha interesser av enten dei er sør eller kanskje særleg nord for fylket. For ikkje å seie i regjeringskontora.

Dei politiske partia i Møre og Romsdal har i denne saka dessverre lagt mest vekt på eigenmarkeringar og fragmenterte utspel. Utan ei samlande kraft frå dei politiske partia i fylket, er eg redd at Møre og Romsdal blir ein lettvektar i sjukehuspolitikken. Og dermed får nedleggings- og sentraliseringspolitikken gå sin gang.

Det må vere mogeleg å mobilisere til tverrpolitisk innsats for i det minste å ta tilbake noko av den politiske makta.

Vedtaket i fylkesutvalet var ein bra start. Men det må følgjast opp.

Anders FolkestadStranda

Har du noko på hjartet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.