Det er ditt val, om du ynskjer bomring på bomring her i fylket kring alle byane våre.

Det er ditt val om du vil betale mellom 4–700 kroner i bompengar frå Ålesund til Molde og vidare til Nordmøre.

Det er ditt val om bypakkane får poppe opp i hytt og pine til mange milliard kroner, som faktisk du skal tvingast til å betale.

Ja, det er faktisk ditt val dersom du støttar «bompengepartia» i valet i haust.

Det er også ditt val å nekte denne utviklinga, men då har du berre eit klart partival, og det er å stemme Frp.

Det er ditt val om du ynskjer ein frittalande, engasjert og handlekraftig ny fylkesordførar frå Frp til hausten.

Eg er klar til å vere din nye fylkesordførar, og vil sørge for å stoppe røveri av folk flest og næringslivet sine pengar, slik bompengar faktisk er.

Eg er klar til å kunne gjere Møre og Romsdal fylke sterkt og stolt igjen.