Lesarinnlegg om vindkraft på Haramsøy:

«Øya er for lita og sårbar»

Naturinngrep: Slik kan vindmølleparken på Haramsfjellet kome til å sjå ut. Forfattaren av innlegget meiner dette blir eit øydeleggjande og irreversibelt naturinngrep. Ho meiner at utbygginga ikkje kan forsvarast med miljøargument. Illustrasjon: Zephyr AS/ bildet er manipulert  Foto: Zephyr AS

Det er naivt og illusorisk å tru at vindmølleparken ein gong kan fjernast

Kari A. Haram
Ytring

Det vart gitt konsesjon til utbygging av vindmøllepark på Haramsfjellet for ti år sidan. Det gjaldt vindmøller på 80 meter. No vert planane endra, og vindmøllene skal verte nesten dobbelt så høge. Det kan ikkje vere slik at når ein fyrst har fått konsesjon, står ein fritt til å endre planane i etterkant. Det er brot på avtalar, og må få fylgjer? Det gjeld i små saker, og må vel også gjelde i store??

Naturen her på øyane er den største rikdommen som er. Nokre få har fått økonomisk utbytte av å bygsle bort område på fjellet, og desse jordeigedommane er i realiteten tapt for alltid.

Men denne industriparken råkar langt, langt fleire. Alle som er glade i natur og mangfald her ute blir råka, og må gi slepp på desse ressursane. Så det vert eit formidabelt tap for alle som bor på øyane, og ei forringing av livskvalitet for fuglar, dyr og menneske.

Plakatar og song mot vindkraft på Haramsøy

Før kommunestyremøtet i Haram torsdag møtte øyingane opp med plakatar og song. «Mellom bakkar og berg» var gjennomgangstonen, saman med bodskapen om Nei til vindmøller på Haramsøya.


Øya som skulle verte meir attraktiv å busetje seg på når Nordøyvegen kom, vil lide eit stort tap om industri på fjellet vert sett i gang.

Øyane her er små. Dei er altfor små for vindmøller av så formidabel storleik. Og difor kjem møllene tett på, særleg for dei som bur på Ulla. Her har visst nokre fått tilbod om ein slant pengar for å halde stilt, og finne seg i larm frå industriområdet. Litt mammon for i all framtid å måtte leve med helseskadeleg støy, på denne naturperla som Ulla er. Skammeleg!

Folket på Skuløya/ Longva kan vel heller ikkje verte særleg glade om dei dagleg må sjå overdimensjonerte turbinar ruvande på høgste fjellpartia på naboøya. Dei vil få «beste utsikten» til « vindmølleparken», og får roterande møller «rett i fjeset»!

Gjev ein slepp på dei goda og viktige ressursane som vakre fjell, høg himmel og rikt fugleliv er, vert det for «evig tid». Øydeleggingane av naturen her er ikkje reversibel!

Det er naivt og illusorisk å tru at vindmølleparken ein gong kan fjernast, og fjellpartia førast tilbake til «utgangspunktet». Det er aldeles utenkjeleg at nasjonale eller (i realiteten) internasjonale konsern ein gong i framtida ynskjer å bruke store pengar på å « rydde opp att» etter seg.

Det kjem aldri til å skje!!

Økonomien rundt vindkraft er det inga semje om. Hadde det endå vore det! Det er sameleis usemje om det verkeleg trengst meir kraft ! (Kfr.. eksport av energi.) Dei einaste som er sikra inntekter, er store utanlandske konsern.

Omkamp om vindkraft

– Vindkraftindustri må flyttast lenger frå befolkning, kulturminne og stolt og kjær natur, krev motstandarane av vindturbinane på Haramsøya og varslar demonstrasjon.


Det er småpengar som kjem grunneigarane til gode. Framtidige inntekter til kommunane skal også vere svært usikre. Ordføraren i Haram meiner det er for seint å protestere no. Ja, det er det ein vil at vi skal tru!

Her er mange og store uavklarte spørsmål!

Minst 80 prosent av vindparkane er på utanlandske hender. Dei resterande 20 prosent kan også lett hamne der. Vi veit kor enkelt omsetjing av verdiar skjer. På få år har bedrifter, selskap og eigedommar hamna på utanlandske hender, vi eig etter kvart stadig mindre av vårt eige land. Slik taper ein råderett og kan verte viljelause og veike brikker i høgt spel.

Det har vorte peika på at sjølve produksjonen av vindturbinane er svært forureinande. Det fokuserer ikkje dei store vindkraftselskapa på. Og inngrep i naturen under sjølve utbygginga må verte formidabel, og stor belastning på frå før skrøpeleg infrastruktur.

Då kan denne kraftindustrien neppe kallast grøn lenger! Ikkje ein gong det!

Er desse utanlandske selskapa opptekne av natur og miljø, sidan dei ivrar og pressar fram prosjekt og køyrer over folkeviljen? Er det idealisme og vidsyn som motiverer? Neppe!

Bryr dei seg om lokalsamfunn, miljø og livskvalitet for dei som bor her på øyane? Ikkje særleg sannsynleg!

– Dette er ikkje ein vindmøllepark, det er eit industriområde

Fryktar støy døgnet rundt

Planar om 150 meter høge vindturbinar skaper uro på Nordøyane.


Det er pengar. Store pengar, lønnsame investeringar, tilrøving av verdiar.

Det er ikkje løysinga på miljøproblem å tyne mest mogeleg ut av planeten vår! Måtehald og meir rettferdig fordeling av ressursar er einaste vegen å gå i framtida.

No er det Haramsøya som skal strippast for sin mest verdifulle kvalitet.

Øya er altfor lita til å tole denne utbygginga, altfor lita og sårbar!

Det er all grunn til å reise seg igjen og kjempe mot at Haramsøya skal ofrast for store internasjonale kapitalinvestorar.

Kari A. Haram
Haramsøy