Er eg omgitt av idiotar? Av og til kjenst det litt slik, når ein les aviser og ser nyhende. Kva er det som har kome åt det norske folk? For nokre år sidan kunne ein LO-leiar stå på talarstolen og banne og skjelle ut høgresida medan han orka, utan at nokon tok seg synderleg nær av det. I dag kan du ikkje eingong mime eit bannord framfør «sosialist» utan at halve landet går av skaftet og er så krenkte at dei knapt kan anda. Og til dei som tykkjer det er gjævt å smykke seg med «jævla sosialist» på fjesbok, og andre stader har eg eit tips, les litt meir historie.

Nett no var det bruken av oljepengar som skapte røre, der eine stappmette ungdomspolitikaren etter den andre stod fram og sutra for «pengane sine». Du forstår det at dei sju milliardane, som berre er ørlite meir enn det einsamkomne asylsøkjarar kostar på eit år, i RNB kjem til å velte norsk økonomi og stele framtida frå ungdomspolitikarar som aldri har gjort det slag, og tydelegvis heller ikkje har tenkt seg det.

Og klimafascistane, som ter seg som om dei aldri har høyrt om utlandet, og langt mindre vore der. Dei slit tydelegvis med navlelo over både auge og øyre. Det er prisverdig at dei ynskjer å gjere noko, men litt gangsyn burde vel forventast av folk som slepp til i riksmedia.

Norge kan kutte «klimagass» til alle mann er daude, utan at klimaet lear eit augelok, og det er eit faktum. Likevel skal vindmøller forsøple kvar ein nut og topp langs heile kysten vår, Det minner meir og meir om eit diskotek når ein fær langsmed på kveldstid, utanom Skagerak-kysten då sjølvsagt. For der fiffen har sumarbu skal dei skånast frå slikt.

I Norge har vi fleire hundre vassfall som kan byggast ut til rein energi med svært små synlege inngrep i naturen. Og uendeleg med TWh renn ut i havet til inga nytte. At det likevel skal byggjast digre monstertårn med rotorar til lands og vanns, fortel oss at fornufta har teke kvelden, kan hende for godt. De same kan vel seiast om IS-kvinnene sine mikrofonstativ. Det er forstemmande å vere vitne til korleis media spring aktivistanes ærend i denne saka. Sjølvsagt er det synd på borna, men vi er alle eit produkt av val, som vi sjølve, foreldra og forfedrane våre har teke. Det finst millionar av born i verda som ikkje har det bra. Ikkje minst offera etter dei grufulle handlingane til IS.

Eg trur mykje av polariseringa vi ser i politikken i dag botnar i at den eine sida manglar gode nok argument for sine idear, og derfor tek til personangrep og sjikane mot dei som har eit anna syn.