Eg har arbeidd i fire verdsdelar og sett alle fem. Til meir eg har reist og erfart, til gladare blir eg i øya mi og Nordøyane. For meg er dette det verkelege paradis. Ein natur so flott og so storstilt at eg takkar min skapar for at eg fekk lov til å bli til å få vekse opp her. Ja, storm frå sørvest, regnvêr og kald nordavind – alt tek eg gladleg imot i mitt vakre paradis. Men kva er no på trappene?

Åtte monstervindmøller på Haramsøya. Skal slik naturvandalisme øydelegge mitt paradis? Skal politikarane i Haram godta eit prosjekt som det store fleirtalet på Nordøyane er negative til?

Eg undrar òg fælt på korleis ein høgrepolitikar i Haram kan uttale «sidan vi har støy i Brattvåg må folk på Nordøyane òg godta støy!» Kva er kvalifikasjon for å bli kommunepolitikar – å kunne telje til tre? Korleis i all verda kan dei då forstå at det skal bli åtte vindmøller på Haramsøya?

Sentrale politisk styresmakter har fjerna seg lenger og lenger frå folkeviljen; Det er fleirtal på Stortinget for medlemskap i EU og 70–80 prosent motstand i folket. Slik skil folkefleirtalet og Stortinget meining i sak etter sak; Acer, sentralisering, asylpolitikk, bompengar, sjukehuspolitikk og sal til utlandet av norsk verdiskaping.

Politikarane må vere klar over ein ting; det norske folk er nesten 100 prosent imot å vere med på å subsidiere vindmøller for utanlandske investorar. Kjem det vindmøller på Haramsøya? Då vil eg gråte og eg spør; skal slik vandalisme tvinge meg til å flytte frå mitt paradis?