Vi høyrer no om kutt i hjarterehabiliteringa. Eit velfungerande tilbod som har ikkje berre har halde seg til budsjettet, men gått med overskot. Og betydd så mykje for så mange. Det veit eg, for eg har sjølv jobba der. Det einaste eg tenkte då eg høyrde det var: «Nei, her må vi berre kjempe endå hardare!».

Kall meg for naiv. For blåauga. For ung til å innsjå kva vi kjempar mot.

Men hovudet mitt fungerer sånn at eg ikkje klarer å tenke eit scenario utan god hjartebehandling i fylket. For eg kjenner faget og eg kjenner folket: Hjartepasientane. Eg har hatt time med fleire av dykk på hjarterehabiliteringa.

Saman har vi tatt kampen om både rullingsen og «Longvamøra». Om å ta trappa i staden for heisa. Om å ete mindre frå fjøsen og meir frå havet.

Eg har sett på medisinane og de har fortalt korleis det går.

Den medikamentelle behandlinga er god. Og oppfølginga så langt har vore god. Men det som ikkje er bra er akuttbehandlinga. På mange kvalitetsmål er vi faktisk dårlegast i landet! Nedst på tabellen. Langt under streken.

Om ein av oss akkurat no får eit stort hjarteinfarkt, så er tidsfaktoren avgjerande. Kransåra må opnast! Alternativa er ein sterk blodproppløysande medisin, såkalla trombolyse eller utblokking, såkalla PCI.

Fordi vi ikkje har tilbod om utblokking må ein til St. Olav med fly eller helikopter.

Og denne turen er kostbar! Og Vi betaler med C02, pengar og hjartemuskel.

Og det er ikkje noko gale med det vi får ved St. Olav! Men det er for langt unna til å kome fram i tide! Trombolysen vi gir i «mellomtida» kjøper oss tid, men til St. Olav må dei uansett. Dessverre åpner den blodåra berre i 50-70 prosent av tilfella, medan PCI gjer det i 93-96 prosent av tilfella.

Mellom 20-30 prosent av pasientane har tilstandar eller medisinar som gjer at dei ikkje kan få trombolyse. Eit eksempel er dei som går på Marevan og fleire andre blodtynnande. Dei har i praksis ikkje førstelinjebehandling i det heile innan tidsfristen!

Og dess større hjarteinfarktet er, dess viktigare er PCI! Sjølv om ein ikkje har kunne påvise auka dødelighet og vi har blitt flinkare på denne behandlinga kan Trombolyse aldri bli betre enn ein god «nummer to».

Ein av dei første studia som såg på forskjellen mellom desse to behandlingane blei avbroten før tida, fordi PCI var så mykje betre at det var uetisk å fortsette studien. Det sei litt...

Så vi skal ikkje berre kjempe for hjarterehabiliteringa. Ambisjonen vår skal vere endå høgare! Vi skal kjempe for eit utblokkingstilbod i Møre og Romsdal! For det finst kun ei løysing i hovudet mitt: Tre bokstavar: P. C. I!

Noko anna er rett og slett utenkeleg.

I møte med dårleg økonomi og nye innsparingstiltak er det lett å miste motet. Men la meg minne om sjukehuset i Ålesund si historie! Bygningane omkring oss vitnar! Barneavdelinga og kreftavdelinga, med stråleterapien, vitne om at sjølv om alle sa det ikkje gjekk an, så fekk vi det te.

Så når overlegane seier at det ikkje har skjedd noko etter 30 år. At det ikkje er vits å kjempe.

Så seier eg: «Vi fe de te».

Og når dei som styrer peikar på økonomien: At det ikkje er plass til dette i budsjetta, så veit eg at dette er ei gullgruve! Vi manglar berre gullgravarane!

Så eg seier: «Vi fe de te».

Og når fagmiljø meiner det er ei for stor utfordring å bygge opp tilbod. At vi er for små. At det er håplaust å rekruttere spesialistar hit.

Så veit eg at dette ikkje er tilfelle! For vi er store nok! Og når Bodø «fe det te»! Og Arendal «fe de te» så sei eg:

«Vi fe det te!».

Så vi må lage ei bru: Ein « Trippel Bypass» rundt utfordringane, både fagleg, geografisk og økonomisk:

Ein bypass forbi dei håplause;

Ein bypass forbi dei negative,

Ein bypass forbi dei som tenker for smått.

«Så ta den tjukke, feite vena på leggen min, skjer den ut og legg ein bypass»: «for vi fe de te!»

Valkampen har så langt handla mest om bompengar. Så la oss ta pengane i det: Her er 40 kroner. Det er omtrent det det vil koste per snute her i fylket å få PCI. Det er knappe to passeringa i ein bomring. På latin kallar ein slikt: Omnio supra faciem tuam. På dialekta mi kan det omsetjast til: «Ditte e heilt på trynet!»

Eg inviterer derfor folket og næringsliv til et spleiselag: Saman fe vi de te!»

For det skjer så plutseleg. Det veit hjartepasientane alt om:

Du får veldig vondt i brystet. Og du blir veldig redd. Og ein ambulanse tek deg med sirene langs dei same vegane som bompengekrangelen ljomar langs. Eg lovar deg: Det siste du då vil tenke på er kor mykje du betalte i bompengar. Det som er avgjerande då er kva som møter deg på andre sida av turen.

Det viktigaste er at vi kan trille deg rett opp i andreetasje, blokke ut åra, legge ei «foring» og redde hjartet ditt!

For dette handlar ikkje først og fremst om at Ålesund skal få ei stjerne. Eller at eg kan score retoriske poeng. Eller at vi skal tene ein masse pengar.

Dette er hjarta våre. Ditt og mitt. Over heile fylket.

St. Olav er nok ikkje einig når eg no talar «Nidaros midt imot». Men slik kjennast det i mitt hjarte. Og faget mitt. Og integriteten min. Og samvittigheita mi kan ikkje anna enn å rope:

«Vi fe de te;!», «Vi fe de te!», «Vi fe de te!»

Egil Schistad, sjukehuslege og initiativtakar «Ring i bjella». Foto: Staale Wattø