Fem kommunar slår seg slår seg saman til ein, og intensjonsavtalen mellom dei seier at nynorsk skal vere målforma i den nye storkommunen Ålesund. Før kommunevalet kjem spørsmålet om målform opp, og enkelte parti nyttar høvet til å så tvil om avtalen. Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, står støtt på avtalen. Sosialistisk Venstreparti vil også følgje opp intensjonsavtalen om at nynorsk skal vere målform.

Av dei fem kommunane har fire (Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog) i dag nynorsk som målform. Ålesund er den einaste kommunen som er målnøytral. Når fem kommunar blir til ein stor kommune, er det lett at den største kommunen sluker dei andre og tvingar ønska og krava sine over på dei andre. Vi i SV synest at avtalen om målform er god, og eit signal om at ein tar omsyn til dei mindre kommunedelane i den nye kommunen.

Spørsmålet om målform er ikkje det største i valkampen, men for innbyggarane rundt om i Ålesund kan det fort bli eit symbol på korleis dei blir behandla i den nye kommunen.

Betyr avtalen at dei som bur og arbeider i Ålesund blir tvinga til å bruke nynorsk? Svaret er at for dei fleste vil ikkje innføringa føre med seg dei store endringane. Dei som arbeider i kommunen kan bruke den målforma dei ønskjer i det daglege arbeidet sitt. Notat, referat og rapportar kan dei framleis skrive på bokmål eller nynorsk slik det passar seg. Skulane kan halde fram med å bruke målforma dei er vand med. Viss du brukar bokmål i kommunikasjon med kommunen, så vil du får svar på bokmål også.

Den største endringa vil bli at skriv frå statsorgana kjem på nynorsk. Kommunen vil også bruke nynorsk i utforminga av for eksempel nettsider og informasjonsmateriell.

Kvifor er det ikkje nok å halde kommunen målnøytral? Nynorsk som målform er under press. Viss ein gjer Ålesund målnøytral vil det på mange måtar vere som å innføre bokmål i praksis. Dei fleste brukar bokmål, og det er lett for at det får konsekvensar for den offentlege praksisen også. Vi i gamle Ålesund som mest brukar bokmål, har eit ansvar for at mindretalet og den minst brukte målforma har gode levekår. Derfor vil vi stå på at nynorsk blir målforma i den nye kommunen. Det er eit ledd i å gjere prosessen med samanslåinga positiv for dei mindre kommunedelane.