Høgre vil tvinge bokmål på sunnmøringane

Må ta grep: Viss ein vil at det skal vere lettare for andre enn ein sjølv å bruke nynorsk, må ein faktisk setje i verk tiltak som kan verke, meiner Ottar Grepstad.  Foto: Øijord, Thomas Winje, NTB Scanpix

Ytring

Takk til Dag Olav Tennfjord for svar i språksaka 29. august!

Ein ordførar som ønskjer å verke samlande, må kunne dei sakene folk er opptekne av.

Innlegget 28. august viser diverre at ordførarkandidaten for Høgre i Nye Ålesund – og heller ikkje det han nok har av rådgivarar – ikkje har sett seg godt nok inn i mållova. Ingen seriøs politikar ville på same måten ta sjansen på å avsløre manglande grunnkunnskap om lovar og reglar innan helse, skule, samferdsel.

Bruken av nynorsk og bokmål i offentleg forvaltning blir regulert gjennom mållova. Den lova har vore der sidan 1930 og er seinare endra to gonger, men eit av prinsippa som står fast, er at det er kommunane som bestemmer kva staten skal gjere i denne saka.

Til no har ikkje eg funne andre saksfelt der kommunane faktisk bestemmer over staten.

Denne kommunale makta kastar Tennfjord på båten. Han skriv at staten kan gjere kva vedtak staten vil om kommunikasjon med Nye Ålesund. Viss han kunne saka, ville han visst at staten ikkje gjer noko vedtak i det heile.

Det er slik at ein kommune bestemmer om staten skal bruke nynorsk eller bokmål i sin skriftlege kommunikasjon med kommunen – digitalt medrekna.

Kommunen kan også vedta at staten skal vere nøytral eller la vere å gjere vedtak i saka. I begge tilfella vil staten då veksle mellom nynorsk og bokmål, men all praksis gjennom snart 90 år har vist at då dominerer bokmål.

Den såkalla nøytraliteten betyr altså i røynda bokmål.

Dette ønskjer Tennfjords regjeringsparti å gjere noko med. Regjeringa sende fredag 23. august ut eit framlegg til ny språklov med fleire endringar som gjer desse reglane klarare og meir reelt nøytrale.

Det Tennfjord i røynda skriv, er at Høgre ikkje vil regulere noko som helst. I den språknøytrale administrasjonen Høgre vil ha, skriv alle tilsette som dei vil. Likeins gjer staten som staten vil. Begge desse standpunkta grunngir Høgre med at partiet er imot nynorsktvang.

Ein ting er at det ikkje stemmer med det partiet meiner i regjering.

Ein annan ting er at det betyr i praksis bokmålstvang.

Innbyggjarane i både Tennfjords gamle kommune og dei andre landkommunane vil få mykje meir informasjon på bokmål enn før.

Det Høgre meiner er tvang til nynorsk, er valfridom for bokmål.

Tennfjord vil spare innbyggjarane for å måtte lese for mykje nynorsk. Folk flest kan meir enn folk flest trur.

I dette ordskiftet har eg tidlegare streka under at det å føre eit klart og forståeleg språk i offentleg forvaltning heng nøye saman med å bruke meir nynorsk.

Kronglete setningar og forstyrrande faguttrykk er nok eit mykje større problem for dei som skal forstå dokumenta enn om dei er skrivne på nynorsk.

Nynorskbrukaren Tennfjord er stolt av å vere nynorskbrukar. Bra! Det er diverre mange som ikkje er det.

Viss ein vil at det skal vere lettare for andre enn ein sjølv å bruke nynorsk, må ein faktisk setje i verk tiltak som kan verke.

Difor handlar saka om Nye Ålesund om noko mykje meir enn språket på Sunnmøre.

Den nye kommunen blir ein stor og viktig aktør, også i sin språkbruk. Viss ein ønskjer at begge dei to norske språka skal vere samfunnsberande på alle felt i samfunnet, er det viktig for mange langt utanfor Nye Ålesund kva den nye kommunen gjer. Viss ein ikkje vil fremje likestilling mellom dei to norske språka, er det berre å gjere som Høgre seier, men då bør ein også seie at ein ikkje ønskjer ei slik likestilling.

Ein del av dei som er samde med Tennfjord i saka om administrasjonsspråk og statsspråk i Nye Ålesund, har servert den eine misvisande påstanden etter den andre.

Det er jamvel skapt eit inntrykk av at nynorsk administrasjonsspråk betyr at opplæringsspråket i heile grunnskulen skal vere nynorsk.

Det hadde tent Tennfjord til ære om han som frontfigur mot nynorsk administrasjonsspråk hadde lagt slike argument døde.

I staden vulgariserer han ordskiftet ved å skrive at Eva Vinje Aurdal vil tvinge nynorsk «ned halsen på folk».

Den slags burde ein ordførarkandidat frå Høgre halde seg for god til, sjølv på Sunnmøre, når han like etter ønskjer folk godt val.