Som meg er Åge (så vidt eg veit) ein heterofil, kvit og tilsynelatande ressurssterk norsk mann. Han er altså eit av dei mest privilegerte individa som går i to sko på denne jorda. Vi treng ikkje Pride. Vi treng heller ikkje lovar som forbyr rasisme eller retningslinjer for likestilling.

Som Åge så godt seier; «Det er okei, men ikkje bruk idretten til det».

Handlar om å skape rom

I fotballen er det ofte eit poeng å skaffe seg rom. Rom der ein kan vere med i spelet og vise kva ein er god for. Der ein kan bli sett og som kjenne seg som ein viktig del av laget. Mange har ikkje dette rommet. Mange får ikkje vere med. Mange får aldri vist kva som bur i dei. Mange blir ikkje sett. Fordi menneske som meg og Åge aldri gir dei det rommet dei treng.

Våre handlingar og utsegn kan skape rom, eller fjerne dei. Dette er ei makt og eit ansvar vi alle har. Ansvar for å skape rom der menneske kan vere seg sjølve. Åge sine utsegn er nærast ei teppebombing av det rommet ein hadde i fotballen.

Vanskeleg

I ettertid har han beklaga ordbruken, men det er ikkje ordbruken som er problemet. Det er at ein så anerkjend person er heilt fråkopla dei strukturelle og kulturelle problema vi har. Ingen skal fortelje meg, at av om lag 400 spelarar i tippeligaen er det ingen homofile. Statistisk sett skal mellom 6 og 40 av dei vere det, men eg veit ikkje om ein einaste ein. Så er det klart at ikkje alle pratar høgt om eigen seksualitet, det skal heller ingen påleggast. Men seinast i oktober 2020 meldte NISO og VG at 48,6 % av norske fotballspelarar meiner det er vanskeleg å vere homofil fotballspelar. Det er ikkje utan grunn.

Ein eg kjenner sa ein gong; «Folk må gjerne vere homofile, så lenge eg ikkje må ha noko med dei å gjere». Hadde eg vore homofil, hadde eg i alle fall ikkje sagt noko til han. Åge sine utsegn, går rett ned i same mørke gate. Det kan vere eg tar feil, men eg trur ikkje akkurat den gata leiar oss inn i framtida.

Flaggar stolt

Og det gjer meg forbanna. Kva med dei som kvar dag må lyge til seg sjølv? Som må vere nokon dei ikkje er. Som må gå inn i ein boks der dei ikkje passar, der dei ikkje skal vere. Skal vi berre trekke på skuldrene og satse på at det går fint?

Eg er sjølv hovudinstruktør i ein idrettsklubb. Eg heller spør ingen om dei er fattig eller rik. Eg spør ingen om kva legning, kjønn eller seksualitet dei har. Men vi flaggar stolt med Pride-flagget i lokalet vårt heile året.

Så her er mitt bodskap til deg Åge; Dette handlar ikkje om deg. Dette handlar ikkje om fotball. Det er langt viktigare enn som så. Det handlar om kva samfunn vi ynskjer å ha. Og då blir den der lêrkula di straks ganske uviktig. Om idretten er for alle, så er det kanskje på tide at idretten byrjar å vise det.